Pia Kjærsgaard
dansk politikar
Pia Merete Kjærsgaard (fødd 23. februar 1947 i København) er ein dansk politikar for Dansk Folkeparti.
Pia Kjærsgaard | |||
| |||
Fødd | 23. februar 1947 (77 år) København | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Yrke | politikar, sjølvbiograf, hjemmehjelp | ||
Ektefelle | Henrik Thorup | ||
Alle verv |
|
Kjærsgaard har vore vald til Folketinget sidan 1984, fyrst for Fremskridtspartiet, som ho blei medlem av i 1978.[1] Etter leiarstrid braut Kjærsgaard og tre andre folketingsmedlemmar med partiet i 1995 og danna Dansk Folkeparti med Kjærsgaard som leiar. I 2012 overlet ho leiinga i Dansk Folkeparti til Kristian Thulesen Dahl, som i si tid var med på å grunnleggje partiet.[2][3][4] Frå 2015 til 2019 var Kjærsgaard formann i presidiumet til Folketinget.[1]
Kjærsgaard blei i 2018 utnemnd til kommandør av 1. klasse av Dannebrogordenen. Ho blei også tildelt fleire utanlandske ordenar mens ho var formann for Folketinget.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Pia Kjærsgaard (DF)» (på dansk). Folketinget. Henta 7. mars 2019.
- ↑ «Pia Kjærsgaard trækker sig som formand for Dansk Folkeparti». DR. 7. august 2012. Henta 8. august 2012.
- ↑ «Pia Kjærsgaards farvel: Man skal ...». DR. 15. september 2012. Henta 11. desember 2012.
- ↑ «Thulesen Dahls første formandtale». DR. 16. september 2012. Henta 11. desember 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Pia Kjærsgaard» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2024.