Pia Riva (fødd 4. april 1935) var ein italiensk alpin skirennar frå Piovene Rocchette i provinsen Vicenza som vann sølvmedaljen i utfor under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix.

Pia Riva
Statsborgarskap Italia
Fødd 4. april 1935 (89 år)
Piovene Rocchette
Yrke alpinist
Språk italiensk
Høgd 162 centimeter

Aktiv endre

Riva markerte seg mellom verdseliten under VM i alpine greiner 1958 i austerrikske Bad Gastein, der ho vart nummer fire i utfor og sju i storslalåm. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley enda ho enno ein gong på fjerdeplassen i utfor-tevlinga.

Ved den alpine verdsmeisterskapen 1962 i Frankrike vann Riva sølvmedaljen i utfor, med stor margin til bronsemedaljøren, men var sjølv over tre sekundar bak den suveren verdsmeisteren, Christl Haas frå Austerrike.

I sin siste store meisterskap, vinterleikane 1964 i Innsbruck, vart Riva nummer ni i både slalåm og storslalåm. Saman med eit svakt utforrenn gav det henne sjetteplassen i VM-kombinasjonen.

Frå 1958 til 1964 vann Riva ti italienske meisterskapstitlar; fem kvar i storslalåm og utfor.

Ho la opp i 1964 og utvandra same året til USA.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar