Bad Gastein
Bad Gastein er ein by øvst i Gasteindalen i forbundslandet Salzburg i Austerrike, nær ved nasjonalparken Hohe Tauern. Kommunen har eit areal på vel 190 km² og i kring 5 800 innbyggjarar. Bysenteret ligg 1 002 meter over havet, og er prega av hotell som kneisar over bratte skråningar og steile stup.

Soge Endra
Bad Gastein har ei lengre soge som ferielandsby, noko stavinga Bad avslører. I dag er staden best kjend som vintersportsstad. I vinterhalvåret kjem mange skituristar, i sommerhalvåret er fjellvandring den største aktiviteten. I og omkring Bad Gastein er det fleire anlegg for både langrenn og alpint.
Bad Gastein arrangerte VM i alpine greiner 1958, der norske Inger Bjørnbakken vann gullmedaljen i kvinnene sitt slalåmrenn. Frå sist i 1960-åra og fram til 1988 var byen jamnt åstad for renn i verdscupen i alpine greiner. Det såkalla "Silberkrugrennen" VM og "Silberkrugrennen" blei arrangert i Graukogel som no er ei litt gøymt perle i Bad Gastein. Graukogel blei bygt ut for amerikanarane som var stasjonert i Bad Gastein.
Etter andre slesvigske krig, var Bad Gastein vertskap for ein konferanse der Preussen og Austerrike i august 1865 inngjekk ein avtale om delinga av Slesvig og Holstein. Austerrike skulle administrere Holstein, mens Preussen fekk Slesvig.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Bad Gastein» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2012.