Pianokonsert nr. 2 av Mozart

Pianokonsert nr. 2 i B-dur, K. 39, er ein pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart, skriven i Salzburg i 1767, då Mozart berre var elleve år gammal. Sjølv om nesten heile manuskriptet for B-dur-konserten er skriven av faren Leopold Mozart, meiner musikkvitarane at arrangementet er av sonen, og kanskje ein improvisert solo som faren skreiv ut.

Pianokonsert nr. 2 i B-dur
K. 39
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1767
Typisk lengd14:16
Satsar/akter3
ToneartB-dur

Denne konserten er skriven for strykarar, piano (eller cembalo), og to oboar og to horn. Satsane er:

  1. Allegro spiritoso
  2. Andante staccato
  3. Molto allegro

Dei originale stykka er tilskriven Hermann Friedrich Raupach sin første pianosonate (første og siste sats) og Johann Schobert sin Op. 17 nr. 2 (andre sats). Denne praksisen med å sette saman verk frå andre verk av forskjellige komponistar vert kalla ein «pastisj», og vart gjort av Mozart i dei fire første pianokonsertane hans.

Kjelder endre

Pianokonsert nr. 2 av MozartAllmusic

Bakgrunnsstoff endre