Pianokonsert nr. 3 av Mozart

Pianokonsert nr. 3 i D-dur, K. 40, er ein pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart, skriven i Salzburg i 1767, då Mozart berre var elleve år gammal. Dei tidlege konsertane til Mozart vert meir rekna som ei øving i sjangeren, og ein studie av orkestereffektar og fargar. Konserten vart komponert etter ei lang reise i Europa (1763-1766) og dei fire første pianokonsertane hans låner alle sonatesatsar frå fleire andre komponistar som Mozart møtte på vegen, mellom andre Johann Schobert og Hermann Friedrich Raupach. Denne metoden å komponere på var ikkje uvanleg på denne tida, særleg innan opera.

Pianokonsert nr. 3 i D-dur
K. 40
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1767
Typisk lengd13:14
Satsar/akter3
ToneartD-dur

Konserten er skriven for strykarar, piano (eller cembalo), og to horn, to oboar og to trompetar. Satsane er:

  1. Allegro maestoso
  2. Andante
  3. Presto

Denne konserten låner pianosonatar frå Leontzi Honauer (Op. 2 nr. 1), Johann Gottfried Eckerd (Op. 1 nr. 4), og C.P.E. Bach («La Bohmer», frå W. 117).

Kjelder endre

Pianokonsert nr. 3 av MozartAllmusic

Bakgrunnsstoff endre