Opna hovudmenyen
Tempo er òg eit motorsykkelmerke. Sjå Tempo motorsyklar.

Tempo er i musikalsk terminologi eit uttrykk for snøggleiken til ein takt eller ein rytme. Sjølve ordet tempo er italiensk for tid. Tempoet i eit musikkstykke vert markert i starten av stykket. I moderne musikk nyttar ein eininga BPM, som står for «beats per minute» eller på norsk taktslag pr. minutt. Det tyder at ein spesifiserer lengda av eit taktslag og deretter kor mange av desse som skal spelast per minutt. Denne matematiske utrekninga av tempo vart populær i løpet av 1800-talet, då dei første metronomane vart laga. Desse var riktignok høgst upålitelege.

Innhaldsliste

Italienske tempomarkeringarEndra

Vanlege tempomarkeringarEndra

Dei vanlegaste tempomarkeringane på italiensk er:

  • Grave - særs langsamt og høgtidleg
  • Largo - langsamt og breitt
  • Adagio - langsamt
  • Lento - langsamt
  • Andante - i gåande fart
  • Moderato - moderat, passeleg - verken hurtig eller langsamt
  • Allegretto - «litt allegro», moderat hurtig
  • Allegro - hurtig
  • Presto - særs hurtig
  • Prestissimo - så hurtig som mogeleg

GraderingarEndra

  • non troppo - ikkje for mykje; til dømes Allegro non troppo (eller Allegro ma non troppo) som tyder «Hurtig, men ikkje for hurtig».
  • molto - veldig, som i Allegro molto
  • poco - litt, som i Poco Adagio
  • piu - meir, som i Piu Allegro
  • meno - mindre, som i Meno Presto
  • Ulike suffiksar frå italiensk vert brukt, i tillegg til Allegretto; Andantino, Larghetto, Adagietto, Larghissimo, Prestissimo.

Uttrykk som markerer endring av tempoet (agogikk)Endra

  • Accelerando - gradvis hurtigare (fork.: accel.)
  • Meno Mosso - mindre rørsle eller langsamare
  • Più Mosso - meir rørsle eller hurtigare
  • Rallentando - gradvis langsamare (fork.: rall.)
  • Ritardando - gradvis langsamare (fork.: rit.)

Tempomarkeringar på andre språkEndra

Franske tempomarkeringarEndra

  • Grave - langsamt og høgtideleg
  • Lent - langsamt
  • Modéré - i eit moderat tempo
  • Vif - livleg
  • Vite - hurtig
  • Très - veldig, som i Très vif
  • Moins - mindre, som i Moins vite

Tyske tempomarkeringarEndra

  • Langsam - langsamt
  • Mäßig - moderat
  • Lebhaft - livleg
  • Rasch - fort
  • Schnell - hurtig

Tempomarkeringar på engelskEndra

Engelske indikasjonar, til dømes quickly (fort), har òg vorte brukt, av Benjamin Britten, av mange andre. I jazz og pop kan indikasjonar (som markerer tempo og stil) lik desse førekome;

  • Fast - hurtig
  • Laid back - avslappa
  • Ballad - ballade
  • Medium - moderat
  • Medium-up - moderat til hurtig

KjelderEndra