Pic du Midi de Bigorre

(Omdirigert frå Pic du Midi)

Pic du Midi de Bigorre, eller berre Pic du Midi, er eit fjell i dei franske Pyreneane med ei høgd på 2 877 meter over havet. Det er kjend for det observatoriet som står på toppen, Observatoire du Pic du Midi de Bigorre, som er ein del av Observatoire Midi-Pyrénées.

Pic du Midi de Bigorre
fjell
Pic du Midi de Bigorre og observatoriet
Land  Frankrike
Fjellkjede Pyreneane
Høgd 2 877 moh.
Koordinatar 42°56′N 0°8′E / 42.933°N 0.133°E / 42.933; 0.133
Kart
Pic du Midi de Bigorre
42°56′14″N 0°08′28″E / 42.937222222222°N 0.14111111111111°E / 42.937222222222; 0.14111111111111
Wikimedia Commons: Pic du Midi de Bigorre

Bygginga av observatoriet byrja i 1878, og stod ferdig i 1908. Eit 106-centimeter teleskop vart installert i 1963, betalt av NASA, og vart brukt til å ta detaljert bilete av Månen som førebuing for Apollo-oppdraga. Eit nytt teleskop, kalla Bernard Lyot-teleskopet, nesten dobbelt så stort som det originale, vart plassert her i 1980. Det er det største teleskopet i Frankrike.

Observatoriet ligg svært nær nullmeridianen

Observatoriet

Bakgrunnsstoff

endre