Pico Almanzor
Pico Almanzor er det høgaste fjellet sentralt i Spania. Det ligg i Sierra de Gredos i provinsen Ávila og er 2592 meter over havet. Det består av granitt. Fjellet vert òg kalla Pico de Almanzor og Moro Almanzor.
Pico Almanzor | |||
fjell | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Område | Ávila | ||
Fjelltype | granitt | ||
Fjellkjede | Sierra de Gredos | ||
Høgd | 2 592 moh. | ||
Primærfaktor | 1 690 m m | ||
Førstestiging | M. González de Amezúa & J. Ibrián, 1899 | ||
Koordinatar | 40°14′48″N 5°17′52″W / 40.24667°N 5.29778°W | ||
Pico Almanzor 40°14′48″N 5°17′52″W / 40.246666666667°N 5.2977777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Pico Almanzor |
Historie
endreFjellet har fått namn etter Al-Mansur (arabisk for «den sigrande»). Al-Mansur Ibn Abi Aamir var ein general og statsmann i det muslimske Spania seint på 900-talet. Muhammad bin Abi Amir var det verkeleg namnet hans, men maurarane i Spania gav han tittelen Al-Mansur etter sigane hans over dei kristne.
Under dei mange felttoga hans passerte Al-Mansur nær dette fjellet og vart slått av kor vakker det var.
Pico Almanzor vart første gong klatra i september 1899 av M. González de Amezúa og José Ibrián. Espada, Ontañon og Abricarro utførte den første vinterklatringa i 1903. I 1960 vart ein meterhøg jarnkross plassert på toppen.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- «Almanzor». peakware.com.
- «Almanzor». summitpost.org.