Picton, Lennox og Nueva

Picton, Lennox og Nueva er tre chilenske øyar som høyrer til øygruppa Eldlandet. Administrativt ligg dei i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Øyane ligg i Beaglekanalen, langt søraust i øygruppa, aust for Navarino-øya og sør for den argentinske delen av Storøya i Eldlandet. Lennox er den største av øyane, med eit areal på 170 km2. Deretter fylgjer Nueva med 120 km2 og til slutt Picton med 105 km2. Øyane er ikkje busette.

Picton, Lennox og Nueva aust for Navarino-øya i Beagle-kanalen.

Beagle-konflikten endre

Gjennom store delar av 1900-talet førte Chile og Argentina ein konflikt over dei tre strategisk plasserte øyane. Øyane var chilenske ifylgje grenseavtalen frå 1881, men Argentina var svært interesserte i å overta eigarskapen over øyane. Denne konflikten vert kalla Beagle-konflikten og toppa seg i 1960- og 1970-åra, då landa var svært nær krig. Konflikten vart ikkje endeleg løyst før i 1980-åra, då Pave Johannes Paul II kom inn som meklar. Ein fredsavtale mellom landa avslutta Beagle-konflikten i november 1984.

Kjelde endre