Piddle, òg kalla Trent eller North River er ei lita elv i Dorset i England. Ho har utspringet sitt rett ved kyrkja i Alton Pancras, og renn sørover nesten parallelt med den noko større elva Frome.

Piddle
elv
Land  England
Fylke Dorset
Kart
Piddle i Dorset
50°41′36″N 2°04′56″W / 50.693361111111°N 2.0823055555556°W / 50.693361111111; -2.0823055555556
Wikimedia Commons: River Piddle
Piddle renn like ved puben Thimble i Piddlehinton.
Foto: S Knights

Ved Wareham renn dei to elvene på kvar sida si av byen før dei møtest. Dei renn så saman ut i Poole hamn.

Fleire av lansbyene ho renn gjennom eller forbi har namn etter elva, dei fleste av dei med den forvanska forma Puddle: Puddletown, Tolpuddle, Piddlehinton, Piddletrenthide, Affpuddle, Briantspuddle og Turnerspuddle.

Kjelder

endre