Puddletown er ein landsby og eit civil parish i Dorset i England. Han ligg ved elva Piddle, som han har namn etter, omlag 7 km nordaust for fylkesbyen Dorchester. Det tidlegare namnet Piddletown blei avskaffa, kanskje på grunn av konnotasjonane til ordet «piddle» (‘piss’). Namnet Puddletown blei offisielt godkjent på slutten av 1950-talet. Puddletown civil parish dekkjer 2908 hektar og strekkjer seg til elva Frome i sør. I 2013 var det anslåtte folketalet i parishet 1450.

Puddletown
landsby
Land  England
Fylke Dorset
Kart
Puddletown
50°44′51″N 2°20′40″W / 50.7475°N 2.3444444444444°W / 50.7475; -2.3444444444444
Wikimedia Commons: Puddletown

Soknekyrkja i Puddletown har ein viktig arkitektonisk tyding, særleg for møblementet og monumenta sine. Ho har ein døypfont frå 1100-talet og godt bevart trearbeid, inkludert lukka pulpiturar frå 1600-talet. Thomas Hardy fatta interesse for kyrkja, og landsbyen gav inspirasjon til den fiktive bosetinga i Weatherbury i romanen Far from the Madding Crowd. Weatherbury Farm, heimen til hovudpersonen Bathsheba Everdene, byggjer på eit herskapshus i soknet.

Historie endre

 
Ein av dei forhistoriske «Rainbarrows» på Duddle Heath i sørvest for parken

Det finst spor etter førhistoriske menneske i solnet i form av 30 runde gravhaugar. Mange av haugane er blitt skadde av meir nyleg aktivitet. Ein av tre «Rainbarrows» på Duddle Heath er gravne ut; bøtteurner som inneheldt kremasjonsspor frå staden blei tekne til Dorset Museum.[1]

Romarvegen mellom Durnovaria (noverande Dorchester) og bygdeborga Badbury Rings gjekk gjennom området. Han gjekk gjennom Puddletown Heath, mellom landsbyen og Frome-elva.[1] På 2000-talet blei ein del av vegen, som er 26 meter brei, oppdaga i Puddletown Forest.[2]

Domesday Book blei skriven i 1086, var Puddletown eit stort og viktig herskapsområde som omfatta fleire landsbyar, og det blei registrerte 1600 sauar her.[3] På 1200-talet, under kong Henrik III, var herredømet Pidele Bardolfeston town eigd av John av Monmouth, og leigd til sir Alfred Lincoln. Etter at Monmouth døydde blei det arva av lady Albretha Boterell og lady Joan Nevill.[4]

Bortsett frå busetnaden Puddletown, har dei andre små landsbyane i soknet alle blitt reduserte eller forsvunne. Andre busetnader var Cheselbourne Ford (ved Devil's Brook nordøst i soknet), Bardolfeston (rundt ei halv mile nordaut for Puddletown landsby, like nord for River Piddle), Hyde (no Druce Farm), Waterston, South Louvard (no Higher Waterston), Little Piddle (no Little Puddle Farm i nabosoknet Piddlehinton) og Ilsington (sør i soknet, ved River Frome). Cheselbourne Ford og Bardolfeston er forlatne. Cheselbourne Ford hadde seks innbyggjarar i 1086, fire i 1327, og midt på 1700-talet var det berre att eit hus i ruinar. Waterston består av jordverk som dekker kring 2 hektar på ein terrasse på den sørlege sida av elva Piddle. Folkesetnaden i mellomalderen var relativt stabil, og det blei registrert ti hushald der i 1662. Staden blei truleg gradvis forlaten.[5]

På byrjinga av 1600-talet var Puddletown ein av dei fyrste stadane i Dorset der ein utvikla bruk av vatningsenger. Praksisen oppstod minst så tidleg som 1620, og i 1629 bestemte den lokale domstolen seg for å la nokre leigetakarar å halda fram med å laga vassløp som ville gjera det mogleg å vatna og betra landet sitt.[6] Vatningsenger er ikkje lenger i vanleg bruk i Sør-England, men dei fysiske restane etter dei er att mange stadar.[7] I Puddletown sokn blei slike område vist på Ordnance Survey-kart så seint som 1978, men ingen blei viste i kart frå 2010.[8][9]

 
Leserommet bygd av Brymer-familien.

Dokumentasjon frå 1801 viser at jordbruket var den viktigaste næringa i Puddletown på den tida, sjølv om heimeindustri og handverk også var viktige element: 596 menneske i soknet var hovudsakleg sysselsette i jordbruket, medan 221 var sysselsette innan handverk, handel og produksjon. Heimeindustrien, som ofte omfatta kvinner og born, blei brukt til å supplera jordbruksinntektene, sjølv om det var mindre høve for dette etter den franske revolusjonen.[10]

I 1830 var Puddletown ein av dei stadane i Dorset der landbruksarbeidarar tok del i Captain Swing-opprøra i Sør-England, som protesterte mot svært låge lønar og lange arbeidstider. Treskjeverk blei skadde og høystakkar brunne. Etter opprøre auka løna frå seks eller sju shilling per veke til ti.[11]

Aust for kyrkja ligg Ilsington House, som også er kjent som Old Manor. Huset blei bygd frå slutten av 1600-talet til byrjinga av 1870-talet.[12] Det tilhøyrde opphavleg den 3. jarlen av Huntingdon og frå 1700-talet Walpole-familien, mellom dei Robert Walpole. Mellom 1780 og 1830 var huset leigd ut til general Thomas Garth, stallmeister for kong Georg III. Generalen adopterte det barnebarnet til kong George III, den uektefødde sonen til prinsesse Sophia, og oppseda han på herregarden.[13] I 1861 blei huset kjøpt av John Brymer, og blei verande i eiget til Brymer-familien det neste hundreåret.[13][14] Familien bygde nye småhus og eit leserom i landsbyen, og eit nytt herskapshus ved kyrkja, som dei restaurerte.[15]

 
Waterston Manor, som danna grunnlaget for Weatherbury Farm i Far from the Madding Crowd.

Kjende folk med tilknyting til Puddletown endre

Reginald Pole, den siste katolske erkebiskopen av Canterbury, var sokneprest her frå 1532 til 1536.[16] Forfattaren og kringkastaren Ralph Wightman (1901-1971) budde i Puddletown dei seinare åra av livet sitt; han budde i Tudor Cottage frå 1500-talet i The Square.[13][1] Forfattaren Constantine Fitzgibbon (1919-1983) åtte Waterston Manor ein del av 1900-talet.[17]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «'Puddletown', in An Inventory of the Historical Monuments in Dorset, Volume 3, Central (London, 1970), s. 222–231». University of London. Henta 1 March 2015. 
  2. MacDonagh, Diarmuid. «Roman road found in Puddletown Forest». Newsquest Media (Southern) Ltd. Henta 31 August 2015. 
  3. J H Bettey (1974). Dorset. City & County Histories. David & Charles. s. 34–39. ISBN 0-7153-6371-9. 
  4. «Inquisitions Post Mortem, Henry III, File 19 Pages 100-104 Calendar of Inquisitions Post Mortem: Volume 1, Henry III.». HMSO 1904. Henta 14 February 2023. 
  5. «Medieval settlement immediately west of Waterston House». Historic England. Henta 29 May 2017. 
  6. J H Bettey. «The Development of Water Meadows in Dorset during the Seventeenth Century» (PDF). bahs.org.uk (British Agricultural History Society) (scan). s. 37–39. Henta 27 August 2015. 
  7. Bettey, Joseph (1999). «The Development of Water Meadows in the Southern Counties». I Hadrian Cook; Tom Williamson. Water Management in the English Landscape (PDF). Edinburgh University Press. s. 179–195. Henta 25 April 2017. 
  8. Ordnance Survey (1978) 1:25,000 Second Series, Sheet SY 69/79 (Dorchester)
  9. Ordnance Survey (2010) 1:25,000 Explorer Series, Sheet 117 (Cerne Abbas & Bere Regis), ISBN 978-0-319-24122-6
  10. Ottaway, Susannah R. (2004). The Decline of Life: Old Age in Eighteenth-Century England. Cambridge University Press. s. 191–192. ISBN 9780521815802. Henta 22 August 2015. 
  11. J H Bettey (1974). Dorset. City & County Histories. David & Charles. s. 136–137. ISBN 0-7153-6371-9. 
  12. «Ilsington House, Puddletown». britishlistedbuildings.co.uk. Henta 1 March 2015. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Hannay, Clive; Legg, Rodney. «Puddletown». Dorset Life Magazine. Henta 23 August 2015. 
  14. Maslen, Adrianne. «Dorset's Ilsington Estate on sale for £18million». Newsquest Media (Southern) Ltd. Henta 26. august 2015. 
  15. Wightman 1983.
  16. «Puddletown St Mary's». The Dorset Historic Churches Trust. Arkivert frå originalen 23 September 2015. Henta 26 August 2015. 
  17. Gant 1980.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Puddletown