Pidgeon
Pidgeon Studioalbum av Pidgeon | ||
Utgjeve | 1969 | |
Studio | American Recording Co. i Studio City i California | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 34:15 | |
Selskap | Decca Records | |
Produsent | Stan Farber | |
Jobriath-kronologi | ||
---|---|---|
Pidgeon | Jobriath av Jobriath (1973)
|
Pidgeon er det første og einaste albumet til den amerikanske psykedeliske rockegruppa Pidgeon, der songaren Jobriath var frontmann og songar. Albumet kom ut i 1969 på Decca Records.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Jobriath kalla seg her Jobriath Salisbury, og vart fem år seinare kjend som ein mislukka glamrockartist. I Pidgeon var han derimot berre ein ordinær om noko veik pop-psykedelisk singer-songwriter, som òg spelte klaverinstrument og gitar.[1] På mange av spora vert det nytta ein spinkel cembalo og harmonisong mellom Jobriath og Cheri Gage, som òg spelte autoharpe på plata.
Richie Unterberger skreiv for Allmusic om plata og meinte ho fall på den noko tyngre og meir psykedeliske sida av solskinnspop, og «det er ei plate med utilfredsstillande travle, rastlause songar, skrivne av Jobriath med tekstforfattaren Richard T. Marshall.»[1]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Jobriath.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Of the Time When I Was Young» | 2:32 |
2. | «Milk and Honey» | 3:30 |
3. | «When She Arrives» | 3:05 |
4. | «Dark Bird» | 3:34 |
5. | «Irene» | 3:20 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Wind Blows Cold» | 3:17 |
7. | «Penny's Magic Bell» | 3:03 |
8. | «The Main Line» | 3:03 |
9. | «Springtime Girl» | 3:00 |
10. | «The Dancer» | 2:39 |
11. | «House on a Hill Among Trees» | 3:09 |
12. | «Never in a Million Years» | 3:32 |
Medverkande
endre- Jobriath Salisbury - solovokal, gitar, klaverinstrument
- Cheri Gage - solovokal, autoharpe
- Bill Strong Smith - trommer, perkusjon, vokal
- Teknisk
- Stan Farber - produsent
- Bill Cooper, Richard Podolor - lydteknikar
- Gene Brownell - fotografi (omslag)
- Bill Gordon, John Le Prevost - fotografi (gruppe)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Unterberger, Ritchie. «Pidgeon – Pidgeon». AllMusic.