Decca Records er eit britisk plateselskap som vart skipa i 1929 av Edward Lewis. Den amerikanske delen av selskapet vart skipa seint i 1934, men etter kvart vart sambandet til det britiske selskapet broten i fleire tiår. Selskapet var kjend i Storbritannia for å utvikle nye innspelingsteknikkar. Både den amerikanske og den britiske delen av selskapet er i dag ein del av Universal Music Group, som er eigd av Vivendi, eit mediakonsert med base i Frankrike.

Decca Records

MorselskapUniversal Music Group
Grunnlagd1929
GrunnleggarEdward Lewis
StatusAktiv
Distributør(ar)Decca Records
SjangerForskjellige
Land Storbritannia
StadLondon
Offisiell nettsideDecca Records

Historie endre

Decca kjøpte opp det konkursråka britiske plateselskapet Brunswick Records i 1932, som hadde stjerner som Bing Crosby og Al Jolson i lista av kjende namn. Decca kjøpte òg ut Melotone Records og Edison Bell Records.

I løpet av 1939 var Decca det einaste plateselskapet i Storbritannia i tillegg til EMI.

I 1934 vart ein USA-basert del av Decca starta opp, som fort vart ein viktig støttespelar i den depressive amerikanske platemarknaden på grunn av lista med populære artistar, særskild Bing Crosby og ei smart leiing anført av tidlegare Brunswick-direktør Jack Kapp. Artistar som signerte under Decca på 1930-talet og 1940-talet var mellom andre Louis Armstrong, Count Basie, The Andrews Sisters, Ted Lewis, Mills Brothers, Billy Cotton, Guy Lombardo, Chick Webb, Bob Crosby, Jimmy Dorsey, Connee Boswell og Jack Hylton.

I 1942 gav Decca ut songen «White Christmas», sunge av Bing Crosby. Singelen er den mestseljande slike gjennom alle tider.[treng kjelde]

Det amerikanske RCA braut med EMI for å slutte seg til Decca i 1958, noko som gjorde at Decca fekk lov til å selje Elvis Presley sine songar i Storbritannia på merket til RCA.

Frå og med 1940-talet hadde den amerikanske delen av Decca mange country-artistar i stallen, mellom andre Kitty Wells, Johnny Wright, Ernest Tubb, Webb Pierce og Red Foley. Seint på 1950-talet signerte Patsy Cline med det amerikanske Decca frå Everest Records og hun gav ut tre album og mange singlar, medan ho levde og mange fleire album og singlar vart gjeven ut etter ho døydde i 1963. Loretta Lynn signerte med Decca tidleg på 1960-talet og vart verande hos selskapet dei neste tiåra.

Nei til The Beatles endre

Det britiske Decca hadde fleire mislykka mogelegheiter. I 1960 ville dei ikkje gje ut «Tell Laura I Love Her» av Ray Peterson etter at han var spelt inn og trykt, og dei øydela til og med mange tusen eksemplar av singelen. Ei utgåve av songen, spelt av Ricky Valance vart gjeven ut av EMI og låg på førsteplassen på dei britiske listene i tre veker. Ein meir kjend og større tabbe kom i 1962 då sjefen for Decca, Dick Rowe, sa nei til å ta inn ei ung gruppe frå Liverpool som kalla seg The Beatles. Han meinte at gitarmusikk var på veg ut. Dette vart seinare kjend som den største tabben dette tiåret.

Ironisk nok vart avslaget til The Beatles den indirekte årsaka til at eit av de største banda frå 1960-talet, The Rolling Stones, signerte for Decca. Dick Rowe var dommar på ein talentkonkurranse med George Harrison og Harrison nemnde for han at han burde ta ein nærare kikk på «The Stones», som Harrison hadde sett på konsert nokre veker før. Rowe såg på gruppa og signerte dei raskt etterpå. Ein av dei første songane som The Rolling Stones fekk ein hit med med var ein song dei fekk av The Beatles.

Andre artistar som har gjeve ut plater på det britiske Decca eller nokre av dei mindre lisenserte plateselskapa deira er mellom andre Pat Boone, The Everly Brothers, Bobby Darin, Ricky Nelson, Duane Eddy, The Drifters, Eddie Cochran, Del Shannon, Roy Orbison, The Crystals, The Ronettes, Ike and Tina Turner, The Bachelors, Anthony Newley, The Zombies, Billy Fury, Bobby Vee, Brenda Lee, Tom Jones, Glass Harp, The Who, Camel og Genesis.

Nedtur endre

Britiske Decca mista ei viktig kjelde for amerikanske utgjevinga då Atlantic Records bytta britisk distributør til Polydor Records i 1966 fordi Atlantic då fekk tilgang til britiske artistar som dei ikkje fekk med distribusjonsavtalen til Decca.

1970-talet vart katastrofal for Decca. The Rolling Stones gjekk frå selskapet i 1970 og andre artistar følgde etter. Avtalane til Decca med fleire plateselskap starta å falle saman. RCA gjekk frå Decca for å starte opp sitt eige kontor i Storbritannia i 1971. The Moody Blues var den einaste internasjonale storheita som vart verande hos selskapet. Likevel grunnla Decca det første progressive plateselskapet i Storbritannia, Deram Records, i 1966 og da pønkrocken tok av i 1977 vart Decca sett på som eit klassisk plateselskap som berre hadde sporadiske suksess.

PolyGram sikra seg restane av det britiske Decca berre dagar etter at Edward Lewis døydde i januar 1980. I dag vert selskapet styrt av Universal Music og Decca er eit førande merke for både klassisk musikk og «Broadway-musikk».

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre