Pierre Nkurunziza (18. desember 19648. juni 2020) var president i Burundi og sat i styret i Conseil National Pour la Défense de la Démocratie–Forces pour la Défense de la Démocratie (CNDD-FDD). Han blei fødd i den burundiske hovudstaden Bujumbura. Han studerte ved universitetet i Burundi og i 1990 blei han ferdig med studia sine.

Pierre Nkurunziza
Pierre Nkurunziza - World Economic Forum on Africa 2008.jpg
Fødd18. desember 1964
Ngozi
Død8. juni 2020
Karuzi
Statsborgar avBurundi
PartiConseil National pour la Défense de la Démocratie–Forces pour la Défense de la Démocratie
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Burundi
Université nationale du Rwanda

Nkurunziza var forelesar ved universitetet i Burundi da borgarkrigen i Burundi braut ut som følgje av drapet på Burundis første hutu-president Melchior Ndadaye i 1993. Han blei med i CNDD-FDD i 1995. Der steig han raskt i gradene og blei vise-generalsekretær i 1998.

Før valet i 2005 blei Nkurunziza nominert som CNDD-FDDs presidentkandidat. Han blei valt til president av parlamentet 19. august og overtok vervet som president 24. august.