Bujumbura
Bujumbura er den største byen og den økonomiske hovudstaden i Burundi. Bujumbura var hovudstad i landet fram til 2019, då stausen blei ført tilbake til Gitega. Byen ligg ved det nordaustlege hjørnet av Tanganyikasjøen og er ein viktig hamneby. I 2014 hadde han eit folketal på om lag 660 000.
Bujumbura | |||
hovudstad | |||
Land | Burundi | ||
---|---|---|---|
Del av | Burundi | ||
Høgd | 794 m | ||
Areal | 86,54 km² | ||
Folketal | 658 859 (2014) | ||
Bujumbura 3°22′57″S 29°21′40″E / 3.3825°S 29.361111111111°E | |||
Kart som viser Bujumbura.
| |||
Wikimedia Commons: Bujumbura |
I Bujumbura vert det mellom anna produsert tekstilar og såpe. Dei viktigaste eksportvarene i landet vert eksporterte herfrå, som kaffi, bomull, skinn og tinnmalm.
Vekst
endreBujumbura voks frå ein liten landsby etter han vart ein militærleir i Tysk Austafrika i 1889. Etter den første verdskrigen vart han det administrativet senteret i det belgiske folkeforbundmandatet Ruanda-Urundi. Namnet på byen vart endra frå Usumbura til Bujumbura då Burundi fekk sjølvstende i 1962. Sidan sjølvstendet har det ofte vore kampar i byen mellom dei to største etniske gruppene i landet, hutu-militsen mot den tutsi-dominerte hæren til Burundi.
Sentrumet av byen er ein koloniby med ein stor marknad, ein nasjonalstadion, ein stor moske, og ein katedral. Av museum i byen finn ein Burundi Livsmuseum og Burundi geologisk museum. Andre attraksjonar i nærleiken er Rusizi nasjonalpark, ein stein ved Mugere som visstnok er staden der David Livingstone og Henry Morton Stanley møttest (sjølv om ein meiner at møte deira fann stad i Ujiji i Tanzania), og kjelda til den sørlegaste sideelva til Nilen, lokalt kalla kjelda til Nilen.
Det går ferjer frå Bujumbura til Kigoma i Tanzania. I tillegg ligg Bujumbura internasjonale flyplass og Bujumbura universitet i byen.
I kulturen
endreByen er òg staden der disneyfilmen George of the Jungle finn stad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bujumbura» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2007.