Pik
Pik er ei gammal måleining for lengd som vert nytta i dei indre middelhavslanda med ei lengd som har variert frå 45 til 75 cm etter bruk og stad. I Tyrkia, Libya og Syria var 1 pik lik 68–70 cm som tekstilmål og 71 cm for veglengd, medan han i Hellas var 65–67 cm ved handel og 75 cm for bygningar. På Kypros var han 61 cm og i Egypt var 58 cm.
Kjelder
endre- Pik. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/pik.