Pilevall
Pilevall er ei rad av styva kvitpil. Slike rader er vanlege på flatbygdene i Skåne. Dei er planta for å verne jorda mot vind. Dei er typiske for Söderslätt.
Pilevallar har historisk vore planta langs med landsvegar for å hindre erosjon av matjord, og på 1600-talet kom danskekongen Kristian IV med påbod om planting av piletre langs alle skånske vegar for å hindre jordflukt. Piletrea utgjorde ei viktig kjelde for ved på den elles trefrie sletta. Av same grunn vart det òg planta pil til innpå 1900-talet. Piletrea måtte styvast kvart tredje år, noko som inneber at greinverket blir tatt bort for at trea skal fortsette å vekse oppover. No for tida er det først og fremst estetiske høve som har gjort at pilevallane har overlevd, sjølv om erosjonen av matjord truleg hadde vore verre utan pilevallane.