Opna hovudmenyen
Fontaine av Marcel Duchamp (1917). Det sentrale spørsmålet i estetikk er kva er fint og kva er stygt.

Estetikk (frå gresk Αισθητική, Aisthētiké, 'sansekunnskap' eller 'oppfatning') er eit kunstteoretisk omgrep brukt om både «læra om kunnskap som kjem til oss gjennom sansane» og «læra om det vakre og vene i kunsten».

Ordet «estetikk» vert òg brukt som eit samleomgrep for felles stilideal, ein kulturell smak eller eit kunstsyn som er dominerande i ein periode eller i eit samfunn. Ein kan såleis snakke om hinduismens estetikk, nazismens estetikk og så vidare.

Estetisk filosofiEndra

 
Tittelbladet til Aesthetica (1750—58)

Estetikk er ei grein av filosofien som tek føre seg kunstens natur, venleik og smak. Omgrepet «estetikk» innan filosofien vart først brukt av den tyske filosofen Alexander Gottlieb Baumgarten (1714–1762) i boka Aesthetica i 1750—1758. Dette la grunnlaget for estetisk filosofi som ein sjølvstendig filosofisk vitskap.

Oppleving, sansing og kulturell smakEndra

Estetikk kan òg definerest som menneskets bruk og oppleving av omgjevnader. Sanseopplevingar har i all tid vore viktige for våre val. Formgjeving og attraktiv estetikk har vore viktig både i hverdagsliv og i kunst, ifrå design og arkitektur til musikk og litteratur. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu (1930–2002) gjev eit teoretisk grunnlag som avgrenser estetikken som handler om kva ikkje estestiske haldninger som gjer seg gjeldande i det sosiale spelet i kulturlivet. For å forstå dette må dei kjenneteikna eller signala dei ulike aktørane omgjer seg med analyserast.

Estetiske fagEndra

Omgrepet estetiske fag brukest ofte om kreative fag som målarkunst og ymse formggjevingsfag, men kan òg omfatte for eksempel dans, teater, musikk, skjønnlitteratur.

Nærskylde ordEndra

  • Estetisk vert brukt om det som følgjer estetikkens reglar eller er harmonisk og vakkert.
  • Estetiker eller estet er ein person som er særleg oppteken av det vakre.
  • Å estetisere vil seie å gjere noko vakrare, særleg når det er overdrive og utelukkande.
  • Estetisisme er en haldning der ein person først og fremst er oppteken av estetiske kvalitetar og alt som er vent.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur