Piljskifossen eller berre Pilj (serbisk Пиљски водопад) er den nest høgaste fossen i Serbia[1][2][3] og vart oppdaga av geologar og alpinistar først i 2002.

Piljskifossen
foss
Land  Serbia
Fossetype Kaskade
Totalt fall 65,5 m
Kart
Piljskifossen
43°19′35″N 22°43′18″E / 43.326505°N 22.721636°E / 43.326505; 22.721636

Plassering endre

Fossen ligg søraust i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria, på sørsida av Balkanfjella. Han ligg fire kilometer frå landsbyen Topli Do i retning landsbyen Dojkince.

Geografi endre

Piljskifossen ligg i ei kløft i elva Piljski, som er ei sideelv til Temštica (Toplodolska reka). Fossen ligg nedanfor fjelltoppane Čungulj og Kurtulj og ryggen Jelenski Skok, i ei høgd på 1450 meter over havet. Høgda på fossen er anten 65,5 meter [1] eller 64 meter. [2] [3], som uansett gjer han til den nest høgaste i landet etter Jelovarnikfossen i fjellet Kopaonik. Fossen er ein kaskadefoss med Gornji (den øvre og minste) og Donji (den nedre og høgaste). Ved botn av fossen ligg eit lite tjern.

Fossen ligg i eit tynt folkesett område og vanskeleg tilgjengeleg område. Som følgje av dette vart fossen først oppdaga i mai 2002.[1] Nokre andre høge fossar nær Piljski er Čungulj (43 meter, oppdaga i 1996) og Kurtulj (27 meter).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 T. Todorović (1. mai 2006), «Menjaju geografiju», Politika (på serbisk), s. 10 
  2. 2,0 2,1 «Stara Planina». Henta 18. mars 2009. 
  3. 3,0 3,1 «Stara Planina - park prirode». Turistička organizacija Pirot]. Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 18. mars 2009.