Pil som symbol eller teikn er ei stilisert framstilling av våpenet (prosjektilet) pil, nytta for å syne retning eller for å påpeike eller framheve noko særskilt.

Kombinert med andre ting kan pila nyttast i bilete eller skulptur for å symbolisere kjensler, som til dømes pilen som dei antikke kjærleiksgudane skyt med for å vekkje kjærleik og attrå i eit menneske overfor eit anna menneske. Ei framstilling av ei pil gjennom ein hjarta er difor eit kjent symbol for kjærleik mellom menneske. I andre samanhengar kan ei pil, eller kombinasjonen pil og boge, stå for makt og mynde.