Pingdingshan
Pingdingshan (kinesisk: 平顶山; pinyin: Píngdǐngshān) er eit byprefektur sentralt i provinsen Henan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 7 882 km² og hadde om lag 4,9 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Pingdingshan omfattar fire bydistrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).
Næring
endreByen ligg i eit stort kolområde. Han har direkte jarnbanesamband mellom anna til provinshovudstaden Zhengzhou.
Soge
endreUnder perioden vår- og haustannaltida (770 f.Kr. – 476 f.Kr.) bygde staten Chu ein forsvarsmur mot nabostatar som den stadig låg i strid med. Tidleg under den påfølgjande krigarrika-tida vart muren utvida, særleg for å gje betre vern mot den mektige staten Qin slik at muren no passerer gjennom Pingdingshan.
Byprefekturet Pingdingshan vart oppretta i 1957.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pingdingshan» frå Wikipedia på bokmål, den 29. desember 2012.