Pinnestol
Pinnestol er stolar til dagleg bruk, laga av dreidde pinnar av treverk i bein og ryggstø som er tappa på skrå inn i eit sete av tjukt, massivt treverk. Alle pinnane, både dei som utgjer beina og staga mellom dei, og pinnane som utgjer ryggstøet, er profildreidde. Dei eldre stolane er gjerne utstyrt med litt pynt som er lett å lage under dreiinga.
Pinnestolar var etter måten enkle å framstille, og produksjonen av dei var ofte ei attåtnæring på gardane i tidlegare tider. Stolane kunne seljast til låge prisar, og vart difor vanlegvis ikkje tekne vare på etter at dei hadde tent si tid, i motsetnad til dyrare møbel.