Piperensar er ein børste laga av ein eller fleire ståltrådar med påspunne fiber som kan brukast til å reinska innsida av halsstykket på ei tobakkspipe eller andre tronge hole reiskapar, som medisinske instrument. Fibrane verker som ein børste, og ståltråden gjer han bøyeleg. Ved å staka og vri piperensaren i halsen på pipa kan ein reingjera henne. I nyare tid er piperensarar og blitt eit viktig formingsmateriale.

Ein enkel kvit piperensar.

Fiberet ein bruker på piperensarar er ofte eit absorberande tekstil som bomull eller viskose. I tillegg kan ein bruka stivare materiale som nylon eller polypropen som gjer at ein kan skrubba betre. Nokre piperensarar smalnar i eine enden slik at han kan nå inn i tronge holrom.

Hovudgrunnen til at ein ønsker å rensa pipa er for å fjerna den sure «pipesausen», som også blir kalla «pipelort».[1] Denne øydelegg smaken av tobakken og må fjernast regelmessig.

Forming endre

 
Forming med piperensarar.

Piperensarar blir også brukt til ulike formingsprosjekt fordi dei er bøyelege og held på forma dei får. Piperensarar laga for dette føremålet er ofte laga med polyester- eller nylontråd og er ofte lengre og tjukkare enn tradisjonelle piperensarar. Dei finst også i mange ulike fargar. Piperensarar er utbreidde formingsmateriale i barnehagar og skular.[2]

I Japan er forming med piperensarar kjend som mogol-kunst. Namnet er avleidd frå det portugiske «mughal» (mogul) om ei form for veving.[3]


Kjelder endre

  1. «pipelort» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Pipe cleaner artist», news.yahoo.com (på engelsk), henta 28. mars 2020 
  3. «Mogol art», www.craftjam.jp, arkivert frå originalen 15. februar 2020, henta 28. mars 2020