Piz Morteratsch er eit 3 751 meter høgt fjell i Berninafjella i Sveits. Aust for fjellet ligg Morteratschbreen og sørvest for fjellet ligg Tschiervabreen.

Piz Morteratsch
fjell
Piz Morteratsch frå sør
Land  Sveits
Fjellkjede Berninafjella
Høgd 3 751 moh.
Primærfaktor 321 m ↓  mot Piz Bernina
Koordinatar 46°24′10″N 9°54′07″E / 46.40278°N 9.90194°E / 46.40278; 9.90194
Lettast tilkomst Nordsida (F)
Førstestiging C. Brügger
 - dato 11. september 1858
Kart
Piz Morteratsch
46°24′10″N 9°54′07″E / 46.402777777778°N 9.9019444444444°E / 46.402777777778; 9.9019444444444
Wikimedia Commons: Piz Morteratsch

Fjelltoppen er ein av dei toppane i Berninafjella som er lettast å klive. Normalruta fylgjer vegen dei fire fyrstebestigarane, C. Brügger, P. Gensler og fjellførarane Karl Emmermann og Angelo Klaingutti, brukte den 11. september 1858.

Tre av fjellryggane er meir krevjande og vert nytta av skarpklatrarar:

  • Sør-søraust-ryggen, klatra fyrste gongen i 1903
  • Aust-nordaust-ryggen, heile ryggen klatra fyrste gongen 10. oktober 1908
  • Sørvestryggen, klatra fyrste gongen i september 1868

To turisthytter ved fjellet er opne frå midt i mars til midt i oktober, men er stengde i perioden 15. mai-15. juni. Boval-hytta (2 495 m) ligg på austsida, medan Tschierva-hytta (2 573 m) ligg på sørvestsida.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Piz Morteratsch på SummitPost