Piz Scerscen
Piz Scerscen er eit fjell i Berninafjella i Italia og Sveits med ei høgd på 3 971 meter over havet. Fjellet ligg mellom Piz Bernina i nordaust på andre sida av eit 3 895 meter høgt pass og Piz Roseg i sørvest. Namnet tyder «det sirkulære fjellet».
Piz Scerscen | |||
fjell | |||
Piz Bernina (venstre), Piz Scerscen (midten) og Piz Roseg (høgre), sett frå Val Roseg
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Berninafjella | ||
Høgd | 3 971 moh. | ||
Primærfaktor | 76 m ↓ mot Piz Bernina | ||
Koordinatar | |||
Førstestiging | Paul Güssfeldt | ||
- dato | 13. september 1877 | ||
![]() Piz Scerscen | |||
Wikimedia Commons: Piz Scerscen | |||
Piz Scerscen har òg ein sekundær topp kalla Schneehaube (3 875 m).
Toppen av Piz Scerscen vart først nådd av Paul Güssfeldt, Hans Grass og Caspar Capat den 13. september 1877 frå nordvest. Denne ruta vert i dag kalla Eisnase og inneheld ein 100 meter lang isvegg på 60–70°.
BakgrunnsstoffEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Piz Scerscen frå Engelsk Wikipedia .