Pjasinabukta (russisk Пясинский залив - Pjasinskij Zaliv) er ei bukt ved munningen av elva Pjasina i Karahavet. Ho grenser i vest til Kamjennijeøyane og i nordaust til Mininaskjera.

Pjasinabukta med dei mange øyane.
Plasseringa til Pjasinabukta i Karahavet.

Pjasinabukta er omgjeve av tundrakyst. Det ligg mange øyar og øygrupper i bukta som Zverobojøyane (Zapadnij, Malij, Severnij), dei vesle Trioøyane og Ptitsjiøyane og Labryintovijeøyane.

Området har eit særs hardt klima med lange og bitre vintrar. Bukta er derfor islagd ni månader av året og sjølv på sommaren er det mange isflak i bukta.

Pjasinabukta vart utforska av baron Eduard von Toll på den siste ferda hans under den russiske arktiske ekspedisjonen i 1900-1903.

Kjelder endre

74°00′N 86°00′E / 74.000°N 86.000°E / 74.000; 86.000