Pjesker er ein innsjø og ein tettstad i den søraustlege delen av Norrbottens län i Sverige. Innsjøen ligg på grensa mellom Arvidsjaur kommun i Lappland og Piteå kommun i Norrbotten. Innsjøen har eit overflateareal på ca. 11 km², og ligg 342 meter over havet. Største djupne er på ca. 20 meter. Viktige fiskeartar i innsjøen er åbor, gjedde, mort, lake og aure.

Namnet «Pjesker» er av samisk opphav, og skal tyde noko slikt som «delt sjø», eller ifølgje andre kjelder «klippesjøen».

Innsjøen har gjeve namn til busetnaden langs sjøen, som har vore her sidan midten av 1700-talet. Samar har derimot hatt buplassar i området lenge før dette. Per 2010 bor det kring 50 menneske i busetnaden.

Kjelder endre