Åbor

ferskvassfisk
Åbor
Åbor
Åbor
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Åbor
Utbreiinga av Åbor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Åborfamilien Percidae
Slekt: Perca
Art: Åbor P. fluviatilis
Vitskapleg namn
Perca fluviatilis

Åbor (Perca fluviatilis) er ein fisk i den europeiske åborfamilien. Han er ein vanleg ferskvassfisk i heile Europa; i Noreg er han hovudsakleg utbreidd på Sør- og Austlandet, og i Finnmark. Han har òg blitt sett ut i Australia, på New Zealand og i Sør-Afrika, der han er ein framand art. Bestandar i Austersjøen trivst godt i brakkvatn.

Andre namn denne fisken er kjend under i Noreg er abbor, åbbor og tryte.

KjenneteiknEndra

 
Symjande åbor

Åboren er flattrykt frå sidene og etter måten høg. Fargen er grønaktig med raude finnar på ryggen og ved gattet. Langs sidene har han eit sett på 5-9 vertikale striper.

Storleiken varierer frå vatn til vatn, men er sjeldan over 25 cm og 400 g i Noreg. Det største kjende eksemplaret var 51 cm langt og vog 4,75 kg.

LevesettEndra

Åboren likar seg best i seintflytande elvar og djupe tjern og innsjøar.

Ung åbor lever i stim, men eldre individ vert stadig meir aggressive og heldt seg for seg sjølve. Ein kan ofte observera dei symjande sakte tett inntil vegetasjon eller stein, særleg mellom plantar er dei godt kamuflerte. Arten er ein utprega rovfisk; dei vaksne et både virvellause dyr og fisk, hovudsakleg stingsild, åbor, mort og ørekyt.

Formeiringa skjer om våren, frå mars til juni. Egga vert feste med geleaktige trådar til dei fleste slags overflater det går an å festa dei til, gjerne plantar. Denne massen vernar egga mot fisk. Etter 7-20 dagar (i regelen nærare 20 i norske vatn) klekkjest egga, og yngelen sym ut i vassmassane. Her lever dei av dyreplankton, botnlevande virvellause dyr og annan yngel medan dei veks opp.

åbor
Norske dialektnamn
abbor, åbbor, øbbør, tryte
Namn på andre språk
Nordsamiskvuoskun
Svenskabborre
Danskaborre
EngelskPerch, European perch
TyskBarsch, Flussbarsch, Kretzer, Egli
Franskperche
Spanskperca
Russiskokun (Окунь), retsjnoj okun (речной окунь)
pitesamiskvuosjkun
lulesamiskvuoskun

BakgrunnsstoffEndra