Planglasplate
Ei planglasplate er ei fint slipt og polert glasplate som blir til brukt å undersøkja kor jamn ei plan overflate er. Plata blir lagt på flata som skal målast. Ved belysning blir strålane reflektert dels frå undersida av glasplata, og dels frå den overflata som blir undersøkt. Det oppstår då interferens mellom lysbølgjene, og viss det tynne luftlaget er jamt, oppstår det òg regelmessige interferensfigurar. Ujamne faktorar kan ein best sjå som forstyrringar i interferensmønsteret.
Kjelder
endre- «planglassplate». Store norske leksikon.