DJ eller diskjockey er ein person som presenterer innsplet musikk for eit publikum.[1]

DJ i arbeid.

Ein DJ kan velja ut og spele songar, anten med platespelarar, CD-spelarar eller på ein PC, ved til dømes eit diskotek ein nattklubb eller ein festival, eller på radio. Han kan også blanda musikk laga av andre og lydar frå til dømes ein synthesizer for å skapa sin eigen musikk.

DJ er ei forkorting for «disc jockey» som eigentleg tyder ‘plateryttar’. Det norskifiserte ordet for discjockey er platepratar, men platesnurrar, platekusk eller plateryttar kan òg nyttast.[2]

Ein art av DJ er VJ eller «video jockey». Denne nemninga vert brukt om personar som introduserer musikkvideoar i eit musikkprogram på fjernsyn, eller som speler musikkvideoar på storskjerm på utestader.

Referansar endre