Pleksus
Pleksus er eit flettverk av årer eller nervar. Årene kan vere blodårer, som vener og blodkar, eller lymfeårer.[1] Nervane er som oftast akson på utsida av nervesystemet.
Typar
endre- Nerveflettverk eller nervepleksus
- Dei fire primære nerveflettverka er plexus cervicalis, plexus brachialis, plexus lumbalis og plexus sacralis.
- Koroid pleksus (plexus choroideus)
- Koroid pleksus er ein del av sentralnervesystemet i hjernen og er samansett av blodkar, ventriklar og ependymale celler.
- Venepleksus (plexus venosus)
- Plexus cardiacus
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Plexus» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2014.