Pleksus

(Omdirigert frå Plexus)

Pleksus er eit flettverk av årer eller nervar. Årene kan vere blodårer, som vener og blodkar, eller lymfeårer.[1] Nervane er som oftast akson på utsida av nervesystemet.

Ordet kjem av latin plexus som tyder «fletting».[1]

Typar endre

Dei fire primære nerveflettverka er plexus cervicalis, plexus brachialis, plexus lumbalis og plexus sacralis.
Koroid pleksus er ein del av sentralnervesystemet i hjernen og er samansett av blodkar, ventriklar og ependymale celler.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jansen, Jan (13. februar 2009). «plexus». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 19. desember 2014. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.