Pleyel er ein fransk pianoprodusent, stifta i 1807 i Paris av Ignace Pleyel. Son hans, pianisten Camille Pleyel, tok over leiinga av føretaket i 1824.

Ignace Pleyel, grunnleggaren av føretaket Pleyel.

I perioden september 1923 til august 1927 utgav føretaket det musikalske tidsskriftet Revue Pleyel, som kom ut ein gong i månaden.

I 2000 vart Pleyel overteke av Manufacture française de pianos, som òg eig Érard og Gaveau. På grunn av sterk konkurranse frå asiatiske produsentar har sistnemnte føretak lagt ned produksjonen ved hovudfabrikken i Alès, som vart opna i 1973, for å flytta produksjonen til Saint-Denis.[1] Føretaket planla ein reduksjon i produksjonen for å konsentrera seg om det øvste segmentet av marknaden.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Nathaniel Herzberg, Pleyel quitte Alès sur une fausse note, Le Monde, 24/12-2006

Bakgrunnsstoff endre