Saint-Denis
Saint-Denis er ein kommune i dei nordlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 9,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Saint-Denis er eit sous-préfecture («underadministrasjon») i departementet Seine-Saint-Denis og setet for Arrondissementet Saint-Denis i regionen Île-de-France.
Saint-Denis | |||
---|---|---|---|
Basilique de Saint-Denis | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Seine-Saint-Denis | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 12,36 km² | ||
Flatevidd - By |
12,36 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
95 800 7 751/km² | ||
Koordinatar | 48°56′10″N 2°21′53″E / 48.93611°N 2.36472°E | ||
Høgd over havet | 33 m | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.ville-saint-denis.fr | |||
Plassering | |||
I Saint-Denis ligg den kongelege gravstaden ved Basilique de Saint-Denis, der det tidlegare også stod eit kloster. Her er òg Stade de France, det franske nasjonalstadion, bygt til Fotball-VM i 1998. Pleyelkrysset er eit kjent landemerke i Saint-Denis.
Saint-Denis var tidlegare ein industriell forstad, men næringsverksemda har i ei seinare åra endra karakter og i dag har audiovisuell og tenesteytande industri i stort mon teke over. Mange av innbyggjarane er muslimske immigrantar frå tidlegare franske koloniar.
Innbyggjarar frå Saint-Denis vert kalla dionysiens, som stammar frå latin Dionysius, som i sin tur kjem frå gresk Dionysos..
Næringsliv
endreFrå 1975 til 1995 var Saint-Denis inne i ei økonomisk krise, som råka heile det området som vert kalla la Plaine de France (den franske sletta), som forutan Saint-Denis omfattar kommunane Aubervilliers og Saint-Ouen. Men i dei seinare åra er det bygd mange audioviselle studio i området og la Plaine de France har utvikla seg til eit nasjonalt audiovisuelt senter. Ein ny filmby er under bygging på eit område som tidlegare høyrde til Électricité de France (EDF). Områdert dekkjer eit areal på 6,5 hektar (65 mål) og fleire studio, med eit samla areal på 25 000 m², er under oppføring. Sentret vert kalla la Cité du cinéma (filmbyen) og skal stå ferdig i 2009. Den audiovisuelle industrien kan likevel ikkje kompensera for tapet av den gamle industrien.
Men frå 2004 har både offentlege institusjonar og fleire private føretak etablerte seg i området og det er skapt rundt 6000 nye arbeidsplassar. Dette var om lag like mange som dei industriarbeidsplassane som gjekk tapt frå midten av syttitalet og utover. I ein periode på ti år har det kome til 462 nye føretak. Mellom desse er SNCF (dei franske jarnvegane), Afnor, Generali, Arcelor, plus fleire helseføretak. Men mange av dei nye arbeidstakarane er innflyttarar frå andre kommunar og det er framleis stor arbeidsløyse (17 % i byrjinga av 2005). Mange (4200 i 2006) lever òg på minsteløn.