Opna hovudmenyen

Plutokrati (av gresk plutos, 'rikdom' og kratein, 'styre') eller rikmannsstyre[1] er ei form for oligarki der eit samfunn er styrt av ein liten minoritet av dei mest velståande innbyggjarane.

I motsetnad til demokrati, kapitalisme, sosialisme og anarkisme har ikkje plutokrati røtter i ein etablert politisk filosofi. Plutokrati kan vera ønska og forfekta av dei mest velståande samfunnsklassane på eit indirekte eller skjult vis, sjølv om omgrepet nærmast alltid blir brukt nedsetjande eller som varsling om ein uønskt tilstand.[2][3]

KjelderEndra

  1. «Plutokrati» (7. november 2012) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Fiske, Edward B.; Mallison, Jane; Hatcher, David (2009). Fiske 250 words every high school freshman needs to know. Naperville, Ill.: Sourcebooks. s. 250. ISBN 1402218400. 
  3. Coates, ed. by Colin M. (2006). Majesty in Canada: essays on the role of royalty. Toronto: Dundurn. s. 119. ISBN 1550025864.