Steinete Tunguska

(Omdirigert frå Podkamennaja Tunguska)

Steinete Tunguska (russisk Подкаменная Тунгуска – Podkamennaja Tunguska, direkte omsett til «Understein Tunguska») er ei elv i Krasnojarsk kraj i Sibir i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 1865 km lang og har eit nedslagsfelt på 240 000 km².

Steinete Tunguska
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 240 000 km²
Lengd 1 865 km
Munning Jenisej
Kart
Steinete Tunguska
57°41′14″N 104°21′19″E / 57.6873°N 104.3553°E / 57.6873; 104.3553
Wikimedia Commons: Podkamennaya Tunguska River

Namnet på elva kjem av at ho renn over område med småstein, utan synleg vatn.

Tunguska-hendinga i 1908 fann stad ved Steinete Tunguska.

Elva frys til frå seint i oktober til midten av mai. Vårflaumen varer frå mai til tidleg juli. Under flaumen er elva framkommeleg frå små og mellomstore fartøy 1150 km oppover frå munningen, og for store fartøy 570 km oppover.

Kjelder endre