Sibir (russisk Сиби́рь) er ei nemning på eit stort område i den austlege delen av Russland og delar av Kasakhstan. Sibir strekkjer seg heilt frå Uralfjella i vest til Stillehavet, og utgjer mestedelen av det nordlege Asia. Sibir utgjer om lag 77 % av landområdet til Russland, men berre 30 % av innbyggjartalet. Størsteparten av innbyggjarane på 42,2 millionar held til langs Den transsibirske jarnvegen som går tvers gjennom Sibir, frå Moskva til Vladivostok ved stillehavskysten. Dei største byane er Novosibirsk, Jekaterinburg, Omsk og Tsjeljabinsk.

       Sibirske føderale distrikt        Det geografiske Sibir        Det historiske Sibir (og Sibir i følgje mange vestlege kjelder)

Opphavet til namnet endre

Enkelte kjelder[1] seier at namnet kjem frå tyrkisk og tyder «sovande land». Ein annan teori seier at namnet kjem frå namnet på folket Sibilla, tyrkiske nomadar som seinare vart assimilert med sibirske tatarar. Andre hevar at namnet kjem frå folket Sibe/Xibe. Sjamanen Akkanat, frå det innfødde folket Sibirga, ein av dei siste sjamanane i Vest-Sibir og ein framståande person i det innfødde samfunnet i Vest-Sibir, hevdar at namnet kjem frå folket hans, Sibirga. Den moderne bruken av ordet dukka opp i russisk språk etter at dei erobra Sibir-khanatet.

Grenser og administrativ inndeling endre

 
Kart over det mest folkerike området av Sibir
 
Samanlikning av folkeveksten i dei ni største sibirske byane på 1900-talet

Ordet Sibir har ei lang historie og tydinga har endra seg i løpet av åra. Historisk var Sibir definert som heile Russland aust for Uralfjella, inkludert Fjerne Austen. I følgje denne definisjonen strekkjer Sibir seg austover frå Uralfjella til kysten av Stillehavet og sørover frå Nordishavet til den russiske grensa i Sentral-Asia og til både Mongolia og Kina.[2]

Kjelder frå sovjettida, som Store sovjetiske leksikon,[3] dagens Russland[4] definerer vanlegvis Sibir som regionen som strekkjer seg austover frå Uralfjella til vasskiljet mellom Stillehavet og Nordishavet, og sørover frå Nordishavet til åsane nord i sentrale område av Kasakhstan og landegrensene mot Mongolia og Kina. I følgje denne definisjonen dekkjer Sibir dei føderale distrikta Sibir føderale distrikt og delar av Ural føderale distrikt, samt republikken Sakha, som er ein del av Fjerne Austen føderale distrikt. Denne definisjonen inkluderer òg geografisk (ikkje administrativt) inndelingar av fleire andre subjekt i Ural og Fjerne Austen føderale distrikt. Definisjonen tar ikkje med Sverdlovsk oblast og Tsjeljabinsk oblast, som stundom vert rekna til Sibir i andre definisjonar av Sibir.

Andre kjelde inkluderer heile Fjerne Austen føderale distrikt, heilt til Stillehavskysten [5] eller ein noko smalare definisjon som berre omfattar Sibir føderale distrikt.

Føderasjonssubjekt i Sibir (GSE)
subjekt administrativt senter
Ural føderale distrikt
Khanty-Mansia Khanty-Mansijsk
Kurgan oblast Kurgan
Tjumen oblast Tjumen
Jamalo-Nenetsk Salekhard
Sibir Føderale Distrikt
Altaj kraj Barnaul
Republikken Altaj Gorno-Altaysk
Burjatia Ulan-Ude
Tsjita oblast Tsjita
Irkutsk oblast Irkutsk
Khakasia Abakan
Kemerovo oblast Kemerovo
Krasnojarsk kraj Krasnojarsk
Novosibirsk oblast Novosibirsk
Omsk oblast Omsk
Tomsk oblast Tomsk
Tyva Kyzyl
Fjerne Austen føderale distrikt
Sakha Jakutsk
Føderasjonssubjekt i Sibir (breiare definisjon)
subjekt administrativt senter
Fjerne Austen føderale distrikt
Amur oblast Blagovesjtsjensk
Tsjukotka Anadyr
Den jødiske autonome oblasten Birobidzjan
Kamtsjatka kraj Petropavlovsk-Kamtsjatskij
Khabarovsk kraj Khabarovsk
Magadan oblast Magadan
Primorskij kraj Vladivostok
Sakhalin oblast Juzjno-Sakhalinsk
Ural føderale distrikt
Tsjeljabinsk oblast Tsjeljabinsk
Sverdlovsk oblast Jekaterinburg

Av store byar i Sibir finn ein:

Historie endre

Forskjellige nomadefolk som jenetarar og nenetsarar, hunarar, iranske skytarar og tyrkiske uyghurar har okkupert Sibir gjennom historia. Khanen av Sibir nær det moderne Tobolsk var ein framtredande person som støtta Kubrat som Khagan i Avaria i 630. Området vart erobra av mongolar på 1200-talet og vart etter kvart det autonome Sibir-khanatet.

Den aukande makta til Russland i vest starta å undergrave khanatet på 1500-talet. Først byrja handelsmenn og kosakkar å flytte inn i området og etter kvart flytta den russiske hæren seg lenger og lenger aust. Byar som Mangazeja, Tara, Jenisejsk og Tobolsk sprang opp og sistnemnde vart seinare erklært hovudstad i Sibir. På midten av 1600-talet strekte dei russisk-kontrollerte områda seg heilt til Stillehavet.

Sibir vart stort sett verande uutforska og aude. Dei neste hundreåra utforska berre eit fåtal ekspedisjonar områda ogstort sett berre handelsfolk var busett her. Den andre gruppa som vart send til Sibir var fangar som vart kasta ut av Vest-Russland eller russiske område i t.d. Polen. På 1800-talet hadde rundt 1,2 millionar fangar vorte deporterte til Sibir.[6]

Den første store endringa i Sibir kom med den transsibirske jarnvegen, som vart bygd i 1891–1916. Han knytte Sibir nærare til det raskt industrialiserte Russland. Sibir inneheld mange naturressursar og på 1900-talet vart det sett i gang store prosjekt for å nytte seg av desse. Fleire industribyar dukka opp gjennom regionen.

Katorga og Gulag endre

Russland og seinare Sovjetunionen dreiv fleire arbeidsleirar, seinare kjend som GULAG,[7]. Dei vart så vanlege at «Sibir» vart nytta som ein metafor for eksil og straff.[8]

Som ein analog til det vart ein arbeidarklassebydel i sentrum av Stockholm i Sverige kalla Sibirien seint på 1800-talet og viste til dei billige bustadane som låg her.

Geografi og geologi endre

fysisk kart over Nord-Asia
 
Bajkalsjøen i nord
 
Russland deler grense med Kina og Mongolia sør i Sibir.
For meir om dette emnet, sjå russisk geografi.

Med eit areal på 13,1 millionar km² dekkjer Sibir om lag 77 % av heile Russland. Store geografise soner er mellom anna Den vestsibirske sletta og Det sentralsibirske platået. Merk at Sibir dekkjer nesten 10 % av heile landjorda på planeten.

Den vestsibirske sletta består hovudsakleg av avleiringar frå kenozoikum og ligg ikkje høgt over havet. Faktisk ville det meste av Sibir mellom Nordishavet og Novosibirsk verte lagt under vatn om havnivået skulle stige 50 meter. Mange av avleiringane kjem av isdammar som gjorde at Ob og Jenisej rann andre vegen og ut i Kaspihavet, kanskje òg Aralsjøen. Det var eit særs myrlendt område med mykje torv, og den nordlege delen var trelaus. Sør på sletta, der det stort sett ikkje var permafrost, var det frodige grassletter som var ei forlenging av Den kasakhstanske steppa.

Det sentralsibirske platået er ein særs gammal kraton (stundom kalla Angaraland) som var eit eige kontinent før permtida . Det er særs rikt på mineral og inneheld store førekomstar av gull, diamantar og malm av mangan, bly, sink, nikkel, kobolt og molybden. Mykje av området inkluderer Dei sibirske trappene, som er eit stort vulkanområde. Dei massive utbrota skjedde samstundes med perm-trias-utryddinga og er det største kjende vulkanutbrotet gjennom historia til jorda. Berre områda lengst nordvest var dekte av isbrear under kvartær, men i dag er nesten heile området i djup permafrost og det einaste treet som trivst her, trass i varme somrar, er sibirsk lerketre (Larix sibirica) med særs grunne røter. Bortsett frå områda lengst nordvest dominerer taigaen. Jordsmonnet her er hovudsakleg gelisoljord, som gradvis glir over til podosoljord når det aktive laget vert tjukkare og isinnhaldet lågare.

Austlege og sentrale område av Sakha består av fleire fjellkjeder som går frå nord til sør. Desse fjella strekkjer seg nesten opp til 3000 meter over havet, men berre eit par hundre meter over havet og oppover er dei nesten heilt utan vegetasjon. Verkojanskfjella hadde omfattande isbrear i pleistocen, men klimaet var for tørt for at isbreane strekte seg ned til lågare høgder. I dei lågareliggande områda ligg mange dalar, mange av dei djupe og dekte av lerkeskog, bortsett rå lengst nord der tundraen dominerer. Jordsmonnet er hovudsakleg gelisoljord og det aktive laget er som regel mindre enn ein meter djup, bortsett frå nær elvane.

Det høgaste punktet i Sibir er den aktive vulkanen Kljutsjevskaja SopkaKamtsjatkahalvøya.

Klima endre

Klimaet i Sibir varierer dramatisk. På nordkysten, nord for polarsirkelen, er sommaren særs kort, berre om lag ein månad.

 

     polar ørken      tundra      alpin tundra      taiga      fjellskog
     temperert lauvskog      temperert steppe      tørr steppe

Vegetasjonen i Sibir består hovudsakleg av taiga, med eit tundrabelte lengst nord og ein temperert skog lengst sør.

Nesten alle innbyggjarane i Sibir bur i dei sørlege områda langs den transibirske jarnvegen. Klimaet her er kontinentalt subartktisk (Koppen Dfc eller Dwc), med ein årleg middeltemperatur på om lag 0 °C, eller om lag -15 °C i januar og +20 °C i juli.[9] Med ein sikker vekstsesong, mykje sol og rik svartjord er det sørlege Sibir eit godt jordbruksområde.

Dei sørvestlege vindane i Sør-Sibir fører varm luft frå Sentral-Asia og Midtausten. Klimaet vest i Sibir (Omsk, Novosibirsk) er fleire grader varmare enn i aust (Irkutsk, Tsjita). Den lågaste temperaturen som er registrert i Sibir er -71,2 °C ved Ojmjakon (Sakha), som har vorte kjend som den kaldaste byen på jorda. Om sommaren kan temperaturen i dei same områda nå 36-38 °C. Generelt er Sakha den kaldaste regionen i Sibir og nedbørsfeltet til Jana er det aller kaldaste med permafrost ned til 1493 meter. Likevel var kulda aldri ein faktor då Det russiske keisarriket planla desse byane. Om vinteren ligg sørlege delar av Sibir nær sentrum av det delvis permanente sibirhøgtrykket, så vinden er vanlegvis rolege på denne tida av året.

Sibir får generelt lite nedbør, og berre i Kamtsjatka får ein nedbørmengder over 500 mm i året, der vindar fører fuktig luft med seg frå Okhotskhavet og inn over dei høge fjella.Dette har skapt den einaste store isbreen i regionen. Trass i at Sibir er kjend for ekstrem kulde er det generelt lite snø, særleg aust i regionen.

Innsjøar og elvar endre

Fjellkjeder endre

Grassletter endre

 
Den sibirske sletta sett frå den transsibirske jernbanen utanfor Tatarskaja.

Økonomi endre

Sibir er særs rikt på mineral og her finn ein mal med nesten alle økonomisk verdifulle metall ein kjenner til. Dette kjem hovudsakleg av at området ikkje vart underlagt isbrear i kvartær. Her finn ein nokre av dei største førekomstane i verda av nikkel, gull, bly, kol, molybden, diamantar, sølv og sink, samt store reservoar med olje og naturgass som ikkje er utvunne enno. Dei fleste førekomstane ligg i dei kalde og fjerne austlege områda av Sibir, og har derfor vore vanskeleg å nå og vinne ut. Dette skjedde først på stor skala då Stalin kom til makta og oppretta arbeidsleirar for å få arbeidet gjort.

Jordbruket er særs avgrensa på grunn av den korte vekstsesongen i det meste av regionen. I dei sørvestlege områda er derimot jordsmonnet rikt på svartjord og klimaet noko meir moderat, og det vert her dyrka store mengder kveite, rug, bygg og poteter. Andre stader er jordsmonnet dårleg og vekstsesongen særs kort, og matproduksjonen er stort sett berre i form av reinsdyrhald i tundraen i nord. Sibir har den største skogen i verda. Tømmer er framleis ein viktig ressurs trass i at skogane i aust er hogd ned mykje raskare enn dei klarar å vekse opp att. Okhotskhavet er eit av dei rikaste fiskeområda i verda på grunn av dei kalde straumane og den særs store tidvasskilnaden. Sibir står derfor for 10 % av den totale fiskefangsten på verdsbasis.

Industrien vart utvikla i mellomkrigstida (1920- og 1930-talet) og auka kraftig under den andre verdskrigen, men har minka kraftig att etter Sovjetunionen kollapsa. På eit tidspunkt var det store fabrikkar i Vest-Sibir og mange sjølv rundt Bajkalsjøen, men desse er i dag stort sett lagt ned.

Demografi endre

Sibir har ein folketettleik på om lag tre menneske per kvadratkilometer. Dei fleste innbyggjarane er russarar og russifisert ukrainarar. Etniske russarar stammer frå slavarar som levde i Aust-Europa fleire hundre år sidan. Det er om lag 400 000 etniske tyskarar som lever i Sibir.[11] Mongolske og tyrkiske folk som burjatarar, tuvinianarar, jakutar og sibirske tatarar levde opphavleg i Sibir og etterkomarane av desse held framleis til her. Andre etniske folkegrupper er ketfolk, evenkar, tsjuktsjarar, korjakar og jukaghirar. Det er estimert at det bur 1 million kinesarar og over 50 000 koreanarar i Fjerne Austen føderale distrikt.[12]

Om lag 70 % av innbyggjarane i Sibir bur i byar. Dei fleste av desse igjen bur i leilegheiter. Mange innbyggjarar i meir landlege område lever enkelt, men romleg i tømmerhus. Novosibirsk er den største byen i Sibir med om lag 1,5 millionar innbyggjarar. Andre store byar er Tobolsk, Tomsk, Krasnojarsk, Irkutsk og Omsk.

Religion endre

Det er mange forskjellige trussamfunn i Sibir, inkludert ortodoks kristendom, islam, tibetansk buddhisme og andre trusretningar innan kristendom.[13] Det er estimert at 70 000 jødar lever i Sibir.[14] Den dominerande gruppa er den russisk-ortodokse kyrkja. Dei innfødde har derimot hatt sine eigne religionar i fleire hundreår.

Transport endre

Mange byar i Sibir, som Petropavlovsk-Kamtsjatskij, har ikkje vegsamband til andre store byar i Russland og Asia. Den beste måten å reise gjennom Sibir på er med den transsibirske jernbanen. Han går frå Moskva i vest til Vladivostok i aust. Toget har andreklasses kupéar med fire senger eller førsteklasses kupéar med to senger og ei restaurantvogn. Byar som ikkje ligg nær jernbanen når ein enklast med fly.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Siberia
  Reiseguide for Sibir frå Wikivoyage

Kjelder endre

Koordinatar: 60°0′N 105°0′E