Podlasie-voivodskapet
Podlasie-voivodskapet Województwo podlaskie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Białystok | ||||
Fylke: | 3 byar og 14 landfylke | ||||
Gmina: | 118 | ||||
Folketal: | 1 197 610 (2006) | ||||
Areal: | 20 180 km² | ||||
Folketettleik: | 59 /km² | ||||
Heimeside: | www.bialystok.uw.gov.pl |
Podlasie-voivodskapet (polsk Województwo podlaskie eller berre Podlaskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nordaust i landet.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Białystok og Łomża, og halvparten av Suwałki. Namnet kjem frå den historiske regionen Podlasie og voivodskapet med same namn under Det polsk-litauiske samveldet (1569-1795).
GeografiEndra
Podlasie har den lågaste folketettleiken av dei seksten polske voivodskapa og består av store område med urørt natur. Rundt 30 % av området er verna. Den polske delen av Białowieżaskogen ligg i Podlasie. Det er fire nasjonalparkar (Wigry, Biebrza, Bialowieża og Narew), tre landskapsparkar (Suwałki, Łomża-Narew-dalen og Knyszynskogen), 88 naturreservat og 15 verna landskapsområde i voivodskapet.
ByarEndra
Voivodskapet inneheld 36 landsbyar og byar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):
1. Białystok (295 210) |
19. Choroszcz (5 416) |
Administrativ inndelingEndra
Podlasie-voivodskapet er delt inn i 17 fylke (powiat), der tre er byfylke og 14 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 118 gmina eller kommunar.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Podlachian Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2008.