Pokaka
stad på New Zealand
- For det newzealandske treet kalla pokaka, sjå Elaeocarpus hookerianus.
Pokaka er ein stad i regionen Manawatū-Whanganui sentralt på Nordøya på New Zealand. Han ligg inne i Tongariro nasjonalpark, 12 km sør for National Park Village.
Pokaka | |||
Pokaka jernbanestasjon, ca. 1924.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Manawatū-Whanganui | ||
Distrikt | Ruapehu District | ||
Pokaka 39°17′28″S 175°23′28″E / 39.291°S 175.391°E | |||
Wikimedia Commons: Pokaka |
Pokaka hadde tidlegare ein jernbanestasjon på North Island Main Trunk-linja.[1] Stasjonen opna i 1908 og blei mykje brukt til lokalt sagbruk. Han blei stengd for godstog i 1965 og for all trafikk i 1971.
I 1978 blei Taylor Memorial Lodge bygd her av tre tidlegare stasjonshus. I dag blir Pokaka vitja av skular og andre grupper for læring, turgåing, terrengsykling og skigåing.
Kjelder
endre- ↑ Scoble, Juliet. «Names & Opening & Closing Dates of Railway Stations in New Zealand 1863 to 2010» (PDF). Rail Heritage Trust of New Zealand. Arkivert frå originalen (PDF) 24. januar 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Pokaka, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2021.