National Park på New Zealand
National Park er ein liten busetnad på det sentrale vulkanplatået på Nordøya på New Zealand. Staden er også kjend som National Park Village, og er den høgstliggjande urbane busetnaden på New Zealand på 825 moh. Som namnet tyder på, grensar han til verdsarvsstaden Tongariro nasjonalpark, den første nasjonalparken på New Zealand, oppretta i 1887. Mot vest ligg Whanganui nasjonalpark. Frå byen er det storslått utsikt til Mount Tongariro, Mount Ngauruhoe (Domedagsberg i filmtriologien Ringdrotten) og Mount Ruapehu.[1]
National Park Waimarino (maori) | ||
---|---|---|
National Park jarnvegsstasjon. | ||
Styresmakter | ||
Land Region Distrikt |
New Zealand Manawatu-Wanganui Ruapehu | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2006) |
240 | |
Koordinatar | 39°10′25″S 175°23′50″E / 39.17361°S 175.39722°E | |
Høgd over havet | 825 m | |
Plassering | ||
Byen ligg ved jarnveglinja North Island Main Trunk og nær krysset mellom hovudvegane New Zealand State Highway 4 og 47, midtvegs mellom Raetihi ogTaumarunui og 45 km sørvest for sørbreidda til Tauposjøen. Det er ein køyretur på 20 minuttar til det største skisportsområdet i landet, Whakapapa og 50 minuttar til Turoa, skisportsanlegget i hellingane til den aktive vulkanen Ruapehu.
Turisme er hovudnæringsvegen med 1500 gjestesenger i kommersielle og private hytter.
Om sommaren er staden ein populær inngangsport til nasjonalparkane Tongariro og Whanganui for fotturar, terrengsykling og kajakkpadling. Om vêret tillet det, går det dagleg transport frå National Park Village til Tongariro Alpine Crossing, kjent som ein av dei beste dagsturane i fjellet på New Zealand.
Historie
endreOpphavleg hadde busetnaden namnet Waimarino ('stille vatn'). I 1926 gav jarnvegsselskapet New Zealand Railways stasjonen namnet National Park. Dette var for å unngå forveksling med andre stadar med same namn, dessutan var namnet alt kome i vanleg bruk på grunn av nærleiken til Tongariro nasjonalpark.
Då jarnvegslinja Main Trunk Line vart opna i 1908, skapte dette gode tilhøve for tømmerhogst og bygging av sagbruk i dei store skogområda, og 30 sagbruk med tilhøyrande transportvegar kom i drift i området. Då beltetraktorar vart tilgjengelege i 1930-åra, auka hogsten, og stasjonen i National Park hadde ein av dei største lasteplassane for tømmer på New Zealand. I dag er Tongariro Timber den siste sagbruksverksemda i drift ved National Park.
I 1960-åra var National Park endestasjonen for alt tungt utstyr og maskineri for kraftutbygginga i Tongariro (Tongariro Power Scheme Development), og lokale grusvegar vart betydeleg oppgraderte for å ta seg av tungtrafikken.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «National Park, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2012.