Pokal
Pokal(frå gresk baukalis, 'kar', gjennom fransk og tysk) er eit høgt beger med stett som gjerne blir nytta som pyntebeger eller trofé i konkurransar eller som heidersteikn. Pokalar er ofte av sølv[1] eller glas.[2]
I handverkslaug høyrde pokalar til dei laugsgjenstandane det knytte seg seremoniar til. Denne typen pokal kunne ein kalla velkomstar.[2]
Pokalar av glas blei brukt som drikkebeger ved festlege høve, mellom anna av borgarskapen i Noreg, på 1600- og 1700-talet.[3] Med inngravert skrift og andre dekorasjonar er glaspokalar også seinare blitt nytta som gåver ved særskilde høve.
Det engelske ordet for pokal, cup, blir ofte nytta om idrettskonkurranser.
GalleriEndra
Stilleben med nautiluspokal måla av Bolema de Stomme.
Conchra Cup, ein pokal shintylaga frå Loch Alsh og Lochcarron kjempar om.
Pokal for Hoppveka laga av Joska Kristall.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- ↑ «pokal» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 «pokal» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ H. Krog Steffens: Slægten Aall, Kristiania 1908, side 161, frå eit bryllaup i 1793: «begynte den lange Skaalerække, og Pokalerne som endnu i de Dage opmuntrede Gjæsterne, gik saa flittigen omkring, at jeg blant Mandspersonerne var den eneste ædru i den hele Forsamling »
- Denne artikkelen bygger på «Pokal» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2019.