Sølv
Sølv eller sylv er eit grunnstoff med atomsymbol Ag og atomnummer 47. Det er eit transisjonsmetall i gruppe 11 i periodesystemet saman med dei andre myntmetalla kopar og gull, i tillegg til røntgenium.
Førekomst og utvinning
endreSølv finst ofte i naturen som sølvsulfid (Ag2S). I ein metode for utvinning av sølv vert pulverisert sølvsulfid behandla med natriumcyanid, før metallisk sink vert tilsett. Reint sølv får ein så ved elektrolyse med det ureine sølvet som anode, og litt reint sølv som katode. Elektrolytten er surgjort sølvnitrat (AgNO3).
Viktige sambindingar
endre- Sølvbromid (AgBr)
- Sølvnitrat (AgNO3)
- Sølvsulfid (Ag2S)
Bruk
endreSølv vert mellom anna brukt til å laga smykke, bestikk og pyntegjenstandar. I idrettsverda og i mange medaljesett blir det rekna som den nest beste valøren, etter gull.
Sølvnitrat vert brukt som reagens i kjemien. Det set svarte merke på organiske material og kan brukast som stempelsverte. Det verkar antiseptisk og blir brukt som augedråpar mot infeksjon hos nyfødde barn der mødrene har visse infeksjonar før forløsninga, særleg gonore.
Den største bruken av sølv er i fotografisk film. Sølvbromid dekomponerer til sølv og brom når stoffet blir utsett for lys, og dette blir utnytta i film, slik at dei delane som har vore utsett for lys blir svarte etter framkalling (negativ film).
Medisinsk bruk
endreSølv virker desinfiserande, sidan sølvion forstyrrar stoffskiftet i bakteriar, men er lite giftig for menneske. Dette har gjort at sølv har vore nytta som desinfeksjonsmiddel. Tradisjonelt vart augedropar med sølvnitrat drypt på auga til nyfødde barn for å hindre at eventuelle kjønnssjukdommar vart overført frå mora til barnet. I dag blir sølvsolar (væske med svært små partiklar av sølv) brukt til desinfeksjon. Desse partiklane blir til ein viss grad oksidert i luft til sølvoksid, nok til at væska virker desinfiserande.
Kjemiske eigenskapar
endreSølv er eit edelt metall, og reagerer ikkje med oksygenet i lufta, men vil reagere med hydrogensulfid og danne sølvsulfid, og dette gjer at sølv blir svart ved eksponering i luft. Oksiderande emne, som salpetersyre og hydrogeniodid vil reagere med sølv og danne sølvnitrat og sølviodid.
Sølv har berre ein stabil oksidasjonstilstand, Ag(I), og dei fleste sølvsambindingar har sølv denne forma. Unnateke frå dette er sølvtrifluorid AgF_3, der sølv har oksidasjonstilstanden Ag(III)