Polýegos (gresk Πολύαιγος), eller Polyaigos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg nær Mílos og Kímolos, og namnet tyder «mange geiter» etter dei mange geitene som lever her.

Polýegos is located in Hellas
Plasseringa til Polýegos

Polýegos har 3 innbyggjarar (2021) og høyrer til kommunen Kímolos, som er ein del av periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[1]

Øya er opp mot 6 km lang og 4,3 km brei. Ho har eit areal på 18 km² og ei kystlengd på 22–27 km. Ho ligg berre 2 km søraust for Kímolos og 6 km frå Mílos. Det er to fjell på øya. Strongyló er 330 moh og Psiló Vounó 370 moh.

Det meste av øya høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, og mindre delar høyrer til lokale gjetarar frå dei nærliggande øyane.

Polýegos er stort sett ei berr øy, men har mange flotte strender, særleg i sør. I tillegg har ho fleire grotter.

Referansar

endre

Kjelde

endre

36°46′N 24°38′E / 36.767°N 24.633°E / 36.767; 24.633