Opna hovudmenyen

Ein polar syklon, òg kalla arktisk syklon er eit stort lågtrykksområde over polare område. Dei må ikkje forvekslast med polare lågtrykk, som har liknande eigenskapar som tropiske syklonar.

Ein polar syklon er eit lågtrykkssytem med diameter på om lag 1000-2000 km, med luft som sirkulerar mot klokka på nordlege halvkule, og omvendt på sørlege halvkule. Årsaka til rotasjonen kjem av corioliskrafta. Syklonaktiviteten merkar ein mest i den eurasiastiske delen av Arktis, som har om lag 15 syklonar kvar vinter. Polare syklonar har ein òg på Grønland og i Canada. Polare syklonar kan oppstå kortid som helst på året, men syklonane om sommaren er som regel svakare enn om vinteren. Dei er lite utforska og fører sjeldan til stor skade sidan dei som regel oppstår i område med lite folk.


Syklonar og antisyklonar
Ekstratropisk syklonMesosyklonPolarsyklonPolart lågtrykkSubtropisk syklonTropisk syklon