Ein tropisk syklon er eit stormsystem som får energi frå varme frigjeve av fuktig luft som stig og kondenserer. Namnet understrekar at dette er syklonar som oppstår i tropiske strøk, med rotasjon mot klokka på den nordlege halvkula, og med klokka på den sørlege halvkula. Dei skil seg frå andre lågtrykk, som me til dømes har på våre breiddegrader, ved at det er varmemekanismar som gjev energi til å drive dei.

Syklonen Catarina, ein sjeldan tropisk syklon i Sør-Atlanteren. Sett frå den internasjonale romstasjonen den 26. mars 2004.

Tropiske syklonar er det generelle namnet på alle slike system, men dei har forskjellig namn etter kor dei oppstår på jorda og etter kva styrke dei har, slik som orkan, tyfon/taifun, tropisk storm eller tropisk lågtrykk.

Tropiske syklonar kan produsere ekstremt kraftig vind, tornadoar, svært kraftig regn og store bølgjer, kalla stormflod, inn mot kysten. Det kraftige regnet og stormfloda kan skape enorme flaumar. Sjølv om effekten på menneskelege busetnadar kan vere katastrofale, har tropiske syklonar i somme tilfelle også avslutta lange tørkeperiodar, på grunn av den enorme mengda med fukt dei transporterer med seg. Dei kan transportere varme bort frå tropane, og spelar ei viktig rolle i den globale atmosfæriske sirkulasjonen som skapar likevekt i troposfæren.

Oppbygging av tropiske syklonar endre

 
Tropiske syklonar blir danna ved at energi blir frigjeve frå kondensasjon av fukt i stigande luft. Dette skapar ein positiv tilbakekopling over varme hav.

Ein tropisk syklon er eit stort, roterande system av skyer, vind og torevêr. Den største energikjelda er kondensasjonsvarme som er frigjeve ved at vassdamp kondenserer i store høgder. Derfor kan ein sjå på ein tropisk syklon som ein gigantisk vertikal varmekraftmaskin mekanisk driven av fysiske prosessar som jordrotasjon og gravitasjon. Ein kan òg sjå på tropiske syklonar som eit mesoskala konvektivt system. Kondensasjon fører til høgare vindstyrkar sidan ein liten del av den frigjevne energien blir omforma til mekanisk energi, og kraftigare vind og minkande trykk fører så til auka fordamping frå overflata og meir kondensasjon. Mykje av den frigjevne energien driv vertikale luftstraumar som aukar høgda på stormskyene og på den måten igjen aukar kondensasjonsprosessen. Denne positive koplingsprosessen held fram så lenge systemet kan trekke meir energi ut frå varmt hav. At fordelinga av luftmassane ikkje er i likevekt vil og gje energi til syklonen. Jordrotasjonen får systemet til rotere, ein effekt kjend som Corioliseffekten, og påverkar banen stormen tar.

Faktorane som skal til for å danne tropiske syklonar er bl.a. ei forstyrring i vêret, varme tropiske hav, fukt og relativt lite vind i høgda. Visst desse forholda eksisterer og vedvarer, kan det skape den positive tilbakekoplingsprosessen som skal til for å maksimere energiopptaket.

Kondensasjon er den drivande krafta som skil tropiske syklonar frå andre meteorologiske fenomen. Fordi denne er størst i tropisk klima er det i tropiske område at ein tropisk syklon oppstår. Ein ekstratropisk syklon, som me kjenner som eit lågtrykk på våre breiddegrader, får det meste av energien sin frå den horisontale temperaturgradienten som er i atmosfæren her. For at varmekraftmaskina skal halde fram, må den tropiske syklonen halde seg over varmt vatn, som gjev syklonen fukta den treng. Fordamping av denne fukta aukar på grunn av den kraftige vinden og det reduserte lufttrykket i stormen, og fører til ein positiv tilbakekoplingsprosess. Når ein tropisk syklon kjem over land mister den raskt styrken sin.

 
Diagram som viser temperaturfall i Mexicogulfen når orkanane Katrina og Rita passerer over.

Når ein tropisk syklon passerer over eit havområde kan havoverflatetemperaturen bli lågare, og det kan hindre syklonen i å utvikle seg vidare. Tropiske syklonar avkjøler havoverflata ved å fungere som «varmekraftmaskinar» som overfører varme frå havoverflata til atmosfæren gjennom fordamping. Avkjølinga kjem òg av oppvelling av kald vatn frå havdjupet. I tillegg kan havoverflata bli avkjølt av kalde regndropar som blir liggande ei stund i overflata. Skydekket hindrar solinnstråling, som igjen kan føre til kaldare vatn i havoverflata. Kombinasjonen av alle desse effektane kan føre til eit kraftig fall i havoverflatetemperaturen i eit større område på berre få dagar.

Forskarar ved det amerikanske National Center for Atmospheric Research har estimert at ein tropisk syklon frigjev 50 til 200 billionar joule kvar dag. Det er same energimengde på ein dag som om ein sprenger atombomber på 10 megatonn kvart 20 minutt.

Hovudrørsla av skyer i ein tropisk syklon er inn mot senteret av syklonen, men i store høgder strøymer skyene òg ut frå syklonen. Desse skyene kjem av luft som frigjeve fukta si og blir ført oppover i systemet og ut horisontalt når lufta kjem opp til tropopausen. Denne horisontale luftstraumen i høgda skapar høge, tynne cirrusskyer som går ut frå senteret av syklonen i eit spiralmønster. Dei høge cirrusskyene er ofte det første teiknet på at ein tropisk syklon nærmar seg.

Fysisk struktur endre

 
Strukturen i ein tropisk syklon

Ein kraftig tropisk syklon er bygd opp av følgjande komponentar:

  • Lågtrykk ved overflata: Alle tropiske syklonar roterer rundt eit lågtrykk nær jordoverflata. Trykket i sentrum av tropiske syklonar er blant dei lågaste ein har målt i havnivå på Jorda.
  • Varm kjerne: Tropiske syklonar er karakterisert og driven av store mengder latent varme som blir frigjeve når fuktig luft blir løfta oppover og vassdampen i lufta kondenserer. Denne varmen blir fordelt vertikalt rundt senteret av stormen. Derfor er temperaturen høgare i syklonen enn i dei omliggande områda (bortsett frå ved havoverflata der havet styrer lufttemperaturen).
  • Cirrusskyer nær senteret: Cirrusskyene er toppen av toreskyene i augeveggen. Desse skyene er dei høgaste og kaldaste skyene i syklonen.
  • Auge: Ein kraftig tropisk syklon har eit område med søkkande luft i senteret av sirkulasjonen. Vêret i auge er vanlegvis roleg og skyfritt (men havbølgjene kan vere ekstremt store). Auget er vanlegvis sirkulært og kan vere alt frå 3 km til 320 km i diameter. I svakare syklonar vil cirrusskyene ofte dekke senteret, og auge vil vere usynleg.
  • Augevegg: Eit skyband som krinsar rundt auget. I dette område finn ein den kraftigaste vinden og dei største nedbørsmengdene. Dei største øydeleggingane får ein når augeveggen passerer over land.
  • Regnband: Regnbyer og torevêr er organisert i spiralforma band som går syklonsk rundt senteret av uvêret. Kraftige vindkast og kraftig nedbør er vanleg i dei individuelle regnbanda, med relativt rolegare vêr mellom regnbanda. Tornadoar kan oppstå i regnbanda til tropiske syklonar som går over land. Ringforma syklonar er kjend for å mangle regnband.
  • Utstrauming: Dei øvre nivåa av ein tropisk syklon har vind med retning bort frå senteret av stormen i ein antisyklonsk rotasjon. Vind ved overflata er kraftig syklonsk, og blir svekka med høgda før dei til slutt reverserer seg sjølv. Det er den varme kjernen i senteret av dei tropisk syklonane som fører til dette spesielle vindmønsteret.

Korleis tropiske syklonar oppstår endre

 
Eit TRMM bilete som viser høgda på regnkolonnane i orkanen Irene (2005)
 
Bølgjer i passatvindane i Atlanterhavet - område med vind som konverger med dei storstilte vindsystema kan skape ustabilitet i atmosfæren som kan føre til at tropiske syklonar oppstår.

Forsking på korleis tropiske syklonar oppstår går føre seg for fullt og er framleis ein prosess ein ikkje fullt ut forstår enno. Ein treng seks generelle faktorar for å få danne ein tropisk syklon, sjølv om tropiske syklonar av og til kan oppstå utan at alle desse vilkåra er oppfylt:

  1. Havoverflatetemperaturen må vere minst 26,5 °C ned til eit djup på minst 50 m. Når vatn har denne temperaturen vil atmosfæren like over havet bli ustabil nok til det kan oppstå konveksjon og torevêr.
  2. Rask avkjøling med høgda. Dette fører til at latent varme blir frigjeve, som er energikjelda til tropiske syklonar.
  3. Høg fukt, særleg i den lågare og midlare troposfæren. Når det er mykje fukt i atmosfæren ligg forholda til rette for at forstyrringar kan vidareutviklast.
  4. Lågt vindskjer. Når vindskjeret er stort, vil dette stoppe konveksjonen eller forstyrringane i syklonen.
  5. Avstand frå ekvator. Dette gjer at Corioliskrafta får vinden til å blese inn mot lågtrykkssenteret i eit sirkulasjonsmønster. Den minste avstanden er 500 km eller om lag 5 grader frå ekvator.
  6. Det må alt eksistere ei vêrforstyrring. Systemet må ha ein slags sirkulasjon i tillegg til eit lågtrykkssenter.

Generelt kan tropiske syklonar berre oppstå frå tre forskjellige type system: tropiske bølgjer, ikkje-tropiske lågtrykk og gamle frontsystem. Tropiske syklonar oppstår oftast frå tropiske bølgjer. Desse fører ofte til torevêr, som kan utvikle seg til tropiske syklonar. Eit liknande fenomen er byer som oppstår over Vest-Afrika og flyttar seg inn i Atlanterhavet, ofte som ein del av den intertropiske konvergenssonen. Tropiske syklonar oppstår òg ofte frå tråg i øvre del av troposfæren, som er lågtrykk med kald kjerne i stor høgde. Ein tropisk syklon med varm kjerne kan oppstår når desse arbeider seg nedover i troposfæren og dannar kraftig konveksjon. Tropiske syklonar som oppstår utanfor den vanlege tida på året oppstår oftast på denne måten. Til sist kan gamle frontsystem stoppe opp over varmt hav og produsere auka konveksjon. Vist det oppstår ein sirkulasjon under denne konveksjonen kan det utvikla seg til ein tropisk syklon.

 
Alle syklonbanar frå 1985 til 2005.

Område med tropiske syklonar endre

Dei fleste tropiske syklonar oppstår i eit område med mykje torevêr kalla den intertropiske konvergenssona som ligg nær ekvator og går rundt heile jorda.

Dei fleste av desse systema oppstår mellom 10 og 30 grader frå ekvator og 87 % blir danna innanfor 20 % frå ekvator. Fordi Corioliseffekten er med på å starte og oppretthalde rotasjonen til tropiske syklonar, oppstår dei sjeldan innanfor 5 grader frå ekvator der Corioliseffekten er minst. Men det har vore døme på tropiske syklonar som er blitt danna innanfor denne grensa.

Store havområde endre

Vanlegvis oppstår tropiske syklonar i eitt av sju store havområde. Desse er nordlege Atlanterhavet, austlege og vestlege delar av Stillehavet (blir rekna som to område fordi tropiske syklonar sjeldan oppstår i sentrale område av Stillehavet), sørvestlege Stillehavet, det sørvestlege og søraustlege Indiahavet og det nordlege Indiahavet. Det vestlege Stillehavet er det mest aktive området, medan nordlege delar av Indiahavet er minst aktiv. På verdsbasis blir det danna i snitt 80 tropiske syklonar kvart år.

  • Nord-Atlanteren: Det mest utforska av alle tropiske havområde og inkluderer Atlanterhavet, Det karibiske havet og Mexicogolfen. Syklonane som oppstår her blir kalla tropiske orkanar. Talet på tropiske syklonar som oppstår her kvart år kan variere frå over tjue til eit par stykk. Gjennomsnittet er rundt ti. Austkysten av USA, Mexico, Sentral-Amerika, Karibia og Bermuda blir ofte råka av tropiske syklonar frå dette området. Venezuela, søraustkysten av Canada og Macronesia kan òg blir råka innimellom. Mange av dei kraftigare syklonane oppstår nær Kapp Verde-øyane. Ein sjeldan gong kan orkanar nå Vest-Europa
  • Det nordaustlege Stillehavet: Dette er det nest mest aktive havområdet i verda og det området med størst tettleik av tropiske syklonar. Syklonar som blir danna her kan råke vestlege område av Mexico, Hawaii, nordlege delar av Sentral-Amerika, og i svært sjeldne tilfelle California og Arizona. Ein må derimot tilbake til 1800-talet sist gong ein orkan råka California.
  • Det nordvestlege Stillehavet: Tropiske syklonar her kan råke Kina, Japan, Hong Kong, Filippinane, Taiwan og mange andre land i søraust Asia som Vietnam, Sør-Korea, delar av Indonesia og eit stort tal Stillehavsøyar. Dette er den mest aktive regionen og står for ein tredjedel av alle tropiske syklonar i verda. Dei tropiske syklonane i denne delen av verda blir kalla tyfonar eller taifunar. Kysten av Kina blir råka av flest tyfonar gjennom eit normalår, medan Filippinane i snitt får 18 tyfonar. Ein sjeldan gong kan ein tyfon eller ekstratopisk lågtrykk gå nordover til Sibir i Russland.
  • Det nordlege Indiahavet: Dette havområdet er delt inn i to regionar, Bengalbukta og Arabiahavet, der Bengalbukta har opp til 5-6 gonger så stor aktivitet. Tropiske syklonar i dette området blir kalla syklonar. Dette området har to sesongar, ein i april og mai, før monsunen sett i gang, og ein etter monsunen i oktober og november. Tropiske syklonar som blir danna i dette området har historisk sett tatt flest menneskeliv, mest kjend er syklonen Bhola som tok 200 000 liv i 1970. Land som blir oftast råka av tropiske syklonar frå dette området er India, Bangladesh, Sri Lanka, Thailand, Myanmar og Pakistan. Ein sjeldan gong kan Den arabiske halvøya blir råka.
  • Det sørvestlege Stillehavet: Tropiske syklonar i dette området råkar oftast Australia og Oceania. Ein sjeldan gong kan tropiske stormar nå Brisbane i Australia og New Zealand, vanlegvis omforma til eit ekstratropisk lågtrykk.
  • Det søraustlege Indiahavet: Her er det Australia og Indonesia som er utsett. I følgje Australian Bureau of Meteorology, er det området mellom Exmouth og Broome i Vest-Australia som oftast blir råka.
  • Det sørvestlege Indiahavet: Dette havområdet er det minst utforska på grunn av mangel på historiske data. Syklonar som oppstår her kan råke Madagaskar, Mosambikk, Mauritius, Reunion, Komorane, Tanzania og Kenya.

Uvanlege område endre

 
Orkanen Vince som oppstod i dei tempererte subtropiske områda av Atlanterhavet i 2005.

I følgjande område kan det ein sjeldan gong oppstå tropiske syklonar.

  • Tempererte subtropiske strøk: Område lenger enn 30 grader vekk frå ekvator har vanlegvis ikkje forholda som skal til får å danne tropiske syklonar, og område meir enn førti grader frå ekvator vil motverke prosessane som skal til for at tropiske syklonar kan oppstå. Den avgjerande faktoren for at syklonane ikkje oppstår er havtemperaturen som er lågare i desse områda, medan større vindskjer i høgda er ein annan faktor. Innimellom kan tropiske syklonar flytte seg inn i desse områda, men ein sjeldan gong kan det òg oppstå syklonar her.
  • Låge breiddegrader: Tropiske syklonar oppstår vanlegvis ikkje innanfor 10 grader frå ekvator fordi Corioliskrafta er svak her. I desember 2001 blei tyfonen Vamei danna i det sørlege Kinahavet og gjekk på land i Malaysia. Den oppstod i samband med torevêr på Borneo.
  • Søraustlege Stillehavet: Tropiske syklonar oppstår sjeldan i dette området, men når dei først oppstår er det ofte i samband med El Niño-episodar. Områda som vanlegvis blir råka er Polynesia. Under El Niño i 1982/83 blei Fransk Polynesia råka av seks tropiske syklonar på fem månader. Det er derimot ikkje registrert tropiske syklonar i vestlege delar av Sør-Amerika.
  • Sør-Atlanteren: Ein kombinasjon av vindskjer og få tropiske forstyrringar frå den intertropiske konvergensonen gjer at tropiske syklonar sjeldan oppstår her. Dei siste 15-20 åra har ein derimot observert minst tre tropiske system, deriblant syklonen Catarina som gjekk på land i Brasil i januar 2004.
  • Middelhavet: Ein har hatt uvêr med liknande struktur som tropiske syklonar, men forskarar er ueinige om desse var tropiske eller ikkje.
  • Dei store sjøane: Stormsystem som likna tropiske syklonar blei danna i Huronsjøen i 1996. Denne danna eit auge i senteret, og kan ei kort stund ha vore ein tropisk syklon. Dei store sjøane har ei lang historie med syklonske stormar som har oppstått ein sjeldan gong.

Syklonsesong endre

På verdsbasis er det flest tropiske syklonar seint på sommaren, når havtemperaturen er på sitt høgaste. Kvart havområde har derimot sine eigne sesongmønster. På verdsbasis er mai den minst aktive månaden, medan september er den mest aktive.

I Nord-Atlanteren er den mest aktive sesongen frå juni og ut november, med flest orkanar frå seint i august og ut september. I det nordaustlege Stillehavet kjem orkanane derimot jamt og trutt heile sesongen. Det nordvestlege Stillehavet har tropiske syklonar året rundt, men færrast i februar og flest tidleg i september. I Det nordlege indiske havet er det mest vanleg med tropiske uvêr frå april til desember, men flest i mai og november.

På den sørlege halvkula byrjar den tropiske syklonaktiviteten seint i oktober og sluttar i mai, med flest syklonar frå midten av februar til tidleg mars.

Sesonglengde og sesongmiddel
Område Sesongstart Sesongslutt Tropisk storm (>17 m/s) Tropisk syklon (>32 m/s) Kategori 3+ tropisk syklon (>48 m/s)
Nordvest-Stillehavet 26.7 16.9 8.5
Det sørindiske havet Oktober Mai 20.6 10.3 4.3
Nordaust-Stillehavet Mai November 16.3 9.0 4.1
Nord-Atlanteren Juni November 10.6 5.9 2.0
Sørvest-Stillehavet Oktober Mai 10.6 4.8 1.9
Det nordindiske havet April Desember 5.4 2.2 0.4

Rørsle og bane endre

Storskala vind endre

Sjølv om tropiske syklonar er store system som genererer enorm mengder energi, blir rørsla deira på jordoverflata styrt av det storskala vindmønsteret. Denne rørsla blir omtalt som syklonen sin bane.

Den største krafta som styrer tropiske system er vind som sirkulerer rundt høgtrykksområde. Over Nord-Atlanteren blir tropiske system styrt vestover av dei austlege vindane sør for Azorehøgtrykket, eit ofte vedvarande høgtrykk i Nord-Atlanteren. I tillegg vil den austlege passatvinden styre tropiske bølgjer vestover frå den afrikanske kysten mot Karibia og Nord-Amerika.

Desse bølgjene er ofte starten på det som kan utvikle seg til tropiske syklonar og er hovudårsaka til at orkanar i Nord-Atlanteren oppstår. Dei spelar og ei stor rolle i danninga av tropiske syklonar i det austlege Stillehavet.

I Indiahavet og i det vestlege Stillehavet (både nord og sør for ekvator), er danninga av tropiske syklonar ofte sterkt avhengig av rørsla til den intertropiske konvergenssonen, og rørsla deira er for det meste styrt av system på synoptisk skala.

Corioliseffekten endre

 
Infraraudt bilete av syklonen Winston, som viser rotasjon med klokka som følgje av Corioliseffekten.

Jordrotasjonen fører til ein akselerasjon på luftrørsler i atmosfæren, kalla Corioliseffekten. Denne akselerasjonen fører til at syklonske system snur seg mot polane visst det ikkje er kraftige luftstraumar som styrer dei. I nordlege område vil nordlege delar av syklonen ha vestlege vind, og Corioliskrafta drar den litt nordover. Den sørlege delen blir dradd sørover, men Corioliskrafta er svakare her. Derfor vil tropiske syklonar på nordlege halvkule som flyttar seg vestover, normalt snu seg nordover (og så ført austover), og syklonane på sørlege halvkule flyttar seg sørover viss ingen kraftige trykksystem motverkar rørsla. Corioliskrafta startar òg den syklonske rotasjonen, men er ikkje den drivande krafta som skapar den kraftige vinden. Årsaka til den kraftige vinden er bevaring av angulært moment (eller spinn) som gjer at luft som roterer i store sirklar rundt lågtrykket vil gå raskare og raskare når sirklane blir mindre og mindre i nærleiken av senteret.

Samspel med høgtrykk og lågtrykk endre

Når ein tropisk syklon flyttar seg til høge breiddegrader, kan systemet bli styrt av andre lågtrykk. Ein orkan som går frå Atlanteren til Mexicogolfen kan t.d. gå nord og så nordaustover visst eit lågtrykk passerer over Nord-Amerika.

Landkjenning endre

Offisielt kallar ein det landkjenning når senteret av stormen går inn på land. Ein kan naturlegvis oppleve svært kraftig vind før stormen har nådd land. Ofte vil eit område der stormen går i land ha opplevd halve tida stormen varer før stormen går på land.

Oppløysing endre

Ein tropisk syklon kan løysast opp eller gå over til andre former for vêrsystem på fleire måtar:

  • Han flyttar seg over land, og dermed får den ikkje lenger energien frå det varme havet som den treng for å drive seg sjølv. Dei fleste tropiske syklonar mistar raskt styrke etter dei har gått på land og går over til å bli eit lågtrykk etter ein dag og to. Dei kan derimot regenererast visst dei kjem ut over varmt hav igjen. Visst ein syklon kjem over eit fjellområde vil den raskt miste strukturen sin, sjølv om det berre er eit lita stund. Ein utdøyande syklon kan likevel få katastrofale følgjer i fjellområde, sidan dei framleis kan gi frå seg svært store mengder regn som kan føre til flaum og jordskred.
  • Han blir over det same havområdet for lenge, og trekker ut så mykje varme frå havoverflata at syklonen ikkje lenger får nok energi til å overleve.
  • Han kjem ut for eit vindskjer, som fører til at konveksjonen mistar retninga og varmekraftmaskina bryt saman.
  • Han kan vere svak nok til å bli fanga opp av eit anna lågtrykk. Dei kan gå i saman og danne eit ikkje-syklonsk torevêr. Ei slik samanslåing kan derimot gje ekstra kraft til det ikkje-tropiske systemet.
  • Han kjem over kaldare vatn. Dette betyr ikkje nødvendigvis at stormen døyr ut, men at stormen mistar sin tropiske struktur. Slike omformingar endar vanlegvis opp som ekstratropiske syklonar, eller det me på våre breiddegrader kjenner som lågtrykk.

Sjølv etter ein tropisk syklon har blitt omforma til å bli ekstratropisk eller har blitt løyst opp, kan den framleis ha styrke som ein tropisk storm (og av og til med vindstyrke opp i orkan), og gje frå seg store nedbørsmengder. Når tropiske syklonar når høgare breiddegrader eller går over land kan den smelte saman med vêrfrontar og utvikle seg til ein frontsyklon, òg kalla ekstratropisk syklon. I Atlanterhavet, har slike lågtrykk som har sitt opphav i tropiske orkanar innimellom gjeve svært kraftig vind og mykje regn når dei har kome inn over Europa. Flaumen og rekordnedbøren i Bergen i september 2005 var restane av ikkje mindre enn to slike tropiske orkanar kalla «Maria» og «Nate». Sjølv om desse lågtrykka ikkje førte til særleg med vind, gav dei frå seg ekstreme mengder nedbør, opp mot 200 mm enkelte stader på Vestlandet. Dette var første gong Meteorologisk Institutt ga namn til eit uvêr pga ekstrem nedbør. Uvêret blei kalla «Kristin».

Kunstig modifisering av syklonar endre

På 1960- og 1970-talet gjorde den amerikanske regjeringa forsøk på å svekke orkanar i Project Stormfury ved å så skyene i syklonar med sølvjodid. Ein trudde at når ein gjorde dette så ville underkjølt vatn i dei ytre regnbanda fryse, noko som igjen ville føre til at den indre augeveggen kollapsa og på den måten reduserte vinden. Vinden i orkanen Debbie i 1969 minka med så mykje som 30 %, men tok seg opp att etter såinga var ferdig. I eit tidlegare forsøk i 1947 blei resultatet katastrofalt då ein orkan aust for Jacksonville i Florida plutseleg endra retning etter å ha blitt sådd og raste innover Savannah i Georgia. Prosjektet blei lagt ned då ein oppdaga at det var naturlege svingingar i prosessane som skaper augeveggen og i vindstyrken, og dette skapte då tvil om dei tidlegare prøveresultata. I dag veit ein at å så sølvjodid har liten effekt på regnbanda fordi det finst lite underkjølt vatn i desse skyene.

Ein har føreslått andre metodar som skal stoppe eller redusere utviklinga av tropiske syklonar. Blant anna skal ein ha føreslått å avkjøle havoverflata under tropiske syklonar ved å taue isberg inn i tropiske hav. Andre metodar ein har føreslått er å dekke havet med stoff som motverkar fordamping eller å bombe syklonen med atomvåpen for å bryte ned strukturen. Alle desse forslaga har ein vesentleg feil ved seg. Dei tropiske syklonane er rett og slett for store og energirike til at desse metodane vil ha særleg verknad.

Konsekvensar endre

 
Statistikk over dødsfall knytt til orkanar i USA frå 1970 til 1999.

Ein fullt utvikla tropisk syklon kan frigje varme på opp til 6x1014 watt. Tropiske syklonar på ope hav fører til store bølgjer, kraftig regn og kraftig vind. Dette forstyrrar skipstrafikken og i visse tilfelle har skip gått ned. Dei største øydeleggingane får ein derimot når dei tropiske syklonane nærmar seg kystområda. Ein tropisk syklon som kjem inn mot land kan skape enorme øydeleggingar på fleire måtar:

  • Kraftig vind - Vind av orkan styrke kan øydelegge køyretøy, bygningar, bruer osv. Kraftig vind tar med seg flygande gjenstandar i svært stor fart, og gjer det svært farleg å opphalde seg utandørs.
  • Stormflod - Tropiske syklonar hevar havnivået, og kan skape flaum i kyststrøk. Dette er kanskje den verste effekten, og 80 % av tapte menneskeliv som følgje av tropiske syklonar har skjedd i samband med den første bølgja som treffer kysten.
  • Kraftig regn - Torevêr i tropiske syklonar kan føre til ekstreme nedbørmengder. Elvar kan flaume over, vegar bli uframkommelege, og jordras kan oppstå. Særleg innlandet kan vere utsett for denne typen flaum.
  • Tornadoaktivitet - Den omfattande rotasjonen i tropiske syklonar kan skape tornadoar. Dei kan òg oppstå som følgje av mesoskala virvlar i augeveggen. Sjølv om desse tornadoane ikkje blir like kraftige som dei som oppstår i ikkje-tropiske forhold, kan dei skape enorme øydeleggingar.
     
    Etterverknadane av orkanen Katrina i Gulfport i Mississippi. Katrina er den orkanen som har gjort størst øydeleggingar i USA si historie

Ofte kan sekundæreffektane av tropiske syklonar vere vel så øydeleggande. Desse kan vere:

  • Sjukdom - Dei våte forholda etter ein tropisk syklon, i tillegg til øydelagde sanitære fasilitetar og varmt tropisk klima, kan føre til epidemiar som kan ta liv lenge etter uvêret har passert. Ein av dei mest vanlege skadane etter ein orkan er at folk tråkkar på spiker, som kan føre til stivkrampe eller andre infeksjonar. Infeksjonar kan òg oppstå i kutt og sår ved å vasse i kloakkforureina vatn. Store område under vatn kan i tillegg føre til myggborne sjukdommar.
  • Straumbrot - Tropiske syklonar kan ta straumen til hundretusenar av menneske (eller millionar om eit større urbant område er råka). Dette kan føre til vanskar med kommunikasjon og redningsarbeid.
  • Transportvanskar - Tropiske syklonar kan øydelegge viktige bruer, overgangar og vegar. Dette kan føre til at transport av mat, reint vatn og medisinar kan bli svært vanskeleg.

Fordelar med tropiske syklonar endre

Sjølv om tropiske syklonar kan ta store mengder liv og gjere store øydeleggingar, er dei ein viktig faktor i nedbørsregime i område som ofte er plaga med tørke. Orkanar i det nordaustlege Stillehavet fører ofte fukt inn over det sørvestlege USA og delar av Mexico. Orkanen Camille stoppa ein lang tørkeperiode og enda vassmangelen i desse områda, men tok livet av 259 menneske og gjorde øydeleggingar for om lag $9,14 milliardar 2005.

Orkanar medverkar til den globale varmebalansen ved å føre varm og fuktig luft frå tropiske strøk til midlare breidder og polare område. Visst det ikkje hadde vore for denne varmetransporten mot polane (som og skjer ved andre prosessar enn syklonar), hadde dei tropiske områda vore mykje varmare enn dei er i dag. Stormflo og vind kan føre til store øydeleggingar for menneske, men blandar òg vassmassane ved store elveutløp, noko som er viktig for enkelte lokale fiskebestandar.

Når tropiske syklonar avkjøler havoverflata kan dette føre til at syklonar har vanskelegare for oppstå i det same området ei stund etterpå. I 2005 førte orkanen Dennis til det motsette, ved å varme opp havet etter seg, og medverka til intensiteten til den påfølgjande orkanen Emily.

Langtidstrend av syklonsk aktivitet endre

Talet på stormar i Atlanterhavet har auka sidan 1995, men det er ingen spor etter ein global auke. Det årlege talet på tropiske syklonar er om lag 80-90. Ein meiner derimot å ha funne bevis for at intensiteten til syklonane har auka. Om intensiteten har auka eller ikkje, så har orkanar i Atlanterhavet i det minste fått dyrare konsekvensar sidan fem av dei ti dyraste orkanane i USA har skjedd etter 1990. Årsaka til dette kan vere både kraftigare orkanar og at folk busett seg i kystnære strøk som er sårbare for tropiske orkanar. Tidlegare busette folk seg i større byar langs kysten, og lite langs dei sårbare kyststrekningane. Dermed kan kraftige orkanar ha gått forbi utan at ein har oppdaga kor kraftige dei har vore. I dag har ein fly og satellittar som måler styrken til orkanane. Så sjølv om observasjonar tyder på auka styrke og aktivitet, er andre forskarar skeptiske til desse resultata.

Talet og styrken på orkanar i Atlanteren ser ut til å gå i syklusar på 50-70 år. Det var færre orkansesongar med aktivitet over normal frå 1970 til 1994, medan det var fleire øydeleggande orkanar frå 1926 til 1960. I 1933 var det danna 21 orkanar i Atlanteren, berre forbigått i 2005. Tidleg på 1900-talet var det og færre orkanar, medan det blei observert langt fleire på slutten av 1800-talet.

Global oppvarming endre

Eit spørsmål som ofte blir stilt er om global oppvarming kan eller vil føre til fleire og kraftigare tropiske syklonar. Alle klimatologar er einige om at ein enkel syklon eller ein enkel sesong ikkje treng ha noko samanheng med ei enkel årsak som global oppvarming eller naturlege variasjonar. Amerikanske forskarar ved National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) har antyda at orkanane kan kome til å bli sterkare det neste hundreåret sidan jorda blir varma opp. Statistikk viser at talet på tropiske syklonar har minka dei siste tiåra på verdsbasis, men talet på syklonar som når kategori 4 og 5 har auka.

Observasjon og varsling endre

 
Regnband frå orkanen Isidore fotografert i 7000 fot høgde i solnedgang
 
Orkanen Epsilon vart danna og forsterka trass i svært ufordelaktige forhold for danning av syklonar
 
Tre tropiske syklonar i tre forskjellige stadium. Den yngste, som her nettopp har blitt oppgradert til ein tropisk storm, manglar organiseringa til dei to andre

Observasjon endre

Intense tropiske syklonar er ei stor utfordring å observere sidan dei det meste av tida held seg over hav, der det er få målestasjonar. Observasjonar frå overflata er vanlegvis berre tilgjengeleg når uvêret passerer over øyer eller kystområde, eller visst eit skip er uheldig å hamne inn i det. Sjølv i desse tilfella får ein ofte berre målingar av utkanten av syklonen der forholda er mindre katastrofale.

Det er derimot mogeleg å gjere målingar på staden ved å sende spesielle observasjonsfly inn i syklonen. Desse flya fyk direkte inn i syklonen og tar målingar og fjernmålingar. Flyet slepp òg ein GPS sonde inne i syklonen. Dessa sondane måler temperatur, fukt, trykk og vind mellom flynivået og havoverflata. I 2005 testa ein ut eit fjernstyrt fly inn i den tropiske stormen Ophelia. Desse kan fly i lågare høgder som er farlegare for vanlege menneskestyrte fly.

Tropiske syklonar langt frå land blir følgd av vêrsatellittar som tar synlege og infraraude bilete frå verdsrommet. Når syklonen nærmar seg land kan landbaserte Dopplerradarar måle syklonen sin nøyaktige posisjon og intensitet minutt for minutt.

Varsling endre

På grunn av dei enorme kreftene som er involvert, prøver ein å føresjå den nøyaktige banen, posisjonen og styrken til tropiske system.

Ved hjelp av aukande kunnskap og store datamengder frå satellittar og andre sensorar, kan meteorologar med auka tryggleik varsle banen til dei tropiske syklonane. Superraske datamaskinar og avanserte simuleringar er til god hjelp for varslingsmeteorologane i dag, men sidan ein ikkje fullt ut forstår prosessane som ligg bak tropiske syklonar kan varsla framleis vere noko usikre.

Klassifisering, terminologi og namngjeving endre

Styrke endre

Tropiske syklonar er klassifisert i tre hovudgrupper basert på intensitet: Tropisk lågtrykk, tropisk storm og tropisk syklon (som har forskjellige namn etter kor dei oppstår i verda).

Eit tropisk lågtrykk er eit organisert system av skyer og torebyer med ein definert overflatesirkulasjon og maksimal vind mindre enn 17 m/s. Det har ikkje noko auge, og har ikkje den spiralforma organiseringa som dei meir kraftige systema har.

Ein tropisk storm er eit organisert system av kraftige torebyer med ein definert overflatesirkulasjon og maksimal vind mellom 17 og 32 m/s. På dette stadiet har den tydelege syklonske forma byrja å utvikle seg, men den har heller ikkje noko auge i senteret. Nasjonale vêrsenter byrjar på dette stadiet å gje namn til uvêret.

Ein orkan, tyfon eller syklon er eit system med vind høgare enn 33 m/s. Ein tropisk syklon dannar ofte eit auge i senteret av systemet, som er eit område med relativt roleg vêr og ofte svært lågt lufttrykk. Auget er ofte synleg på satellittbilete som eit lite sirkulært skyfritt område. Rundt auget er augeveggen som har det kraftigaste torevêret og den kraftigaste vinden. Skysystema sirkulerer rundt syklonen i eit tydeleg spiralforma mønster. Retninga på den syklonske sirkulasjonen kjem an på kva halvkule systemet er på. Rotasjonen går mot klokka på nordlege halvkule og med klokka på sørlege. Den kraftigaste vinden er blitt målt opp til 85 m/s (305 km/t). Intense og fullt utvikla syklonar kan somme tider danne ein augevegg som heller bort frå senteret, slik at auke liknar eit fotballstadion. Dette fenomenet blir derfor kalla «stadioneffekten».

I kraftige tropiske syklonar skjer det ei naturleg utskifting av augeveggen. Ofte når syklonane kjem opp mot den maksimale styrken sin har auget trekt seg saman inn mot midten og kan vere så liten som 8 til 25 km i radius. På dette stadiet kan enkelte av dei ytre regnbanda organisere seg til ein ytre ring av toreskyer som sakte flyttar seg innover mot senteret og trekker til seg fukt og momentum som den indre augeveggen treng. Dette merkar ein ved at vindstyrken går noko ned, medan trykket i senteret går litt opp. Til slutt vil den ytre augeveggen erstatte den indre, og syklonen kan vere tilbake til same styrke som tidlegare, og i enkelte tilfelle til og med kraftigare.

Kategoriar endre

Orkanar blir klassifisert ut i få maksimal vind ved å bruke Saffir-Simpson orkanskala. Ein Kategori 1-orkan har lågast vind (119–153 km/t) medan ein Kategori 5-orkan har høgast vind (over 249 km/t). Det amerikanske National Hurricane Center klassifiserer orkanar frå Kategori 3 og oppover som store orkanar.

Det amerikanske «Joint Typhoon Warning Center» klassifierer tyfonar i det vestlege Stillehavet som tropiske syklonar med vind større enn 118 km/t. Tyfonar med vind på om lag 241 km/t (67 m/s) er av same styrke som ein Kategori 4 orkan, og blir kalla Supertyfonar.

Det australske «Bureau of Meteorology» brukar ein skala frå 1 til 5, men i motsetnad til Saffir-Simpson orkanskala, blir kategorien avgjort ut frå estimert maksimalt vindkast. Ein kategori 1 storm har kast mindre enn 126 km/t, medan kast i ein Kategori 5 syklon er minst 280 km/t.

Meteorologar i USA måler vinden i 10 meter høgde i løpet av 1 minutt for å avgjere styrken på ein orkan. Andre land bruker i staden eit 10 minutt middel, som er føreslått av World Meteorological Organization. Maksimal vind er som regel om lag 12 % lågare ved å midle over 10 minutt enn å midle over 1 min.

Kategoriseringa tar ikkje omsyn til øydeleggingar eller andre effektar, sidan den berre baserer seg på vindstyrke. Uvêr av lågare kategori kan gjere minst like stor skade som dei av høgare kategori, avhengig av lokalt terreng og totale nedbørsmengder. Ein Kategori 2 orkan som treffer eit urbant område vil sannsynlegvis gjere større skade enn ein stor Kategori 5 orkan som treffer utanom urbane område.

Regional terminologi endre

 
Auge på tyfonen Odessa i Stillehavet, August 1985.

Ein har mange ord og uttrykk for å klassifisere tropiske syklonar alt etter kor dei oppstår og kor dei hamnar. At tropiske syklonar skiftar namn er derimot berre vanleg i Stillehavet, der orkanar frå det sentrale nordlege Stillehavet kan gå inn i Nordvest-Stillehavet og bli omtalt som tyfonar. Ein sjeldan gong har tyfonar gått inn i det sentrale Stillehavet og blitt kjend som ein orkan. I Nord-Atlanteren blir tropiske stormar som får vind over 32 m/s (som er orkan styrke på Beufortskalaen) kalla ein orkan. I tillegg brukar amerikanarane tropisk storm for system med vind opp til 32 m/s, medan system med vind opp til 17 m/s blir kalla tropisk lågtrykk. For å måle desse vindstyrkane blir vinden midla over 1 minutt.

I Nordvest-Stillehavet gjeld dei same grensene for tropisk lågtrykk, tropisk storm og tyfon som i Nord-Atlanteren, men vinden er midla over 10 minutt. Her omtaler ein derimot system med vind mellom 25 og 32 m/s som ein kraftig tropisk storm.

I Det sørvestlege indiske havet er eit «tropisk lågtrykk» eit system med vind mellom 14 og 17 m/s. Ein «moderat tropisk storm» har vind frå 17 m/s til 24 m/s. Ein «kraftig tropisk storm» har vind frå 25 m/s til 32,5 m/s, medan ein kallar det ein «tropisk syklon» når vindstyrken er over det. I tillegg har dei «kraftig tropisk syklon» for system med vind mellom 46 m/s og 59 m/s og til slutt «svært kraftig tropisk syklon» når vindstyrken er over 60 m/s.

Det er mange lokale namn for tropiske syklonar, t.d. bagyo i Filippinane og taino i Haiti.

Namngjeving av tropiske syklonar endre

Uvêr som kjem opp i styrke tropisk storm får eit namn slik at ein kan åtvare folk om den kommande stormen og vise at dette er ein potensiell farleg situasjon. Desse namna blir tatt frå lister ein har utarbeida fleire år i førevegen enten av komitear frå World Meteorological Organization eller av nasjonale vêrselskap som varslar stormane.

Namngjevingslister endre

I Nord-Atlanteren og det nordaustlege Stillehavet blir jentenamn og gutenamn brukt annakvar gong i alfabetisk rekkefølgje, der ein byrjar på «A» i starten av kvar sesong. «Kjønnet» på den første stormen kvar sesong varierer også annakvar gong frå år til år. Ein har seks lister med namn der ein byrjar på ei ny liste kvart år. Bokstavane «Q», «U», «X», «Y» og «Z» blir ikkje brukt i Nord-Atlanteren, medan «Q» og «U» ikkje blir brukt i det nordaustlege Stillehavet. Det er altså 21 namn kvart år i Nord-Atlanteren og 24 namn i det austlege Stillehavet. Ein byrjar på nytt med den første lista etter 6 år, men i tilfelle med øydeleggande orkanar blir namnet utelate frå lista og erstatta av eit nytt namn. Visst det til dømes skulle oppstå meir enn 21 stormar på ein sesong i Nord-Atlanteren, som det gjorde i 2005, blir resten av stormane namngjeve med bokstavar frå det greske alfabetet.

I sentrale delar av Nord-Stillehavet er det «Central Pacific Hurricane Center» i HonoluluHawaii som gjev namn til orkanar. Her bruker ein fire lister der namna blir tatt i rekkefølgje uavhengig av år.

I det nordvestlege Stillehavet er det «WMO Typhoon Committee» som står for namnelistene. Her bruker ein fem lister med namn, der kvart av dei 14 nasjonane som er med i komiteen gjev to namn til kvar liste. Namna blir brukt i alfabetisk rekkefølgje ut frå nasjonen sitt engelske namn og utan omsyn til år og sesongar. I tillegg til namnet får stormen tildelt eit tal som kan variere frå land til land. Namna blir sletta frå lista visst dei har ført til store øydeleggingar.

Det australske «Bureau of Meteorology» har tre namnelister, ei liste kvar for det vestlege, nordlege og austlege Australia. Desse listene er alfabetiske og skiftar kjønn annakvar gong, men ein startar ikkje på nytt kvart år.

«RA I Tropical Cyclone Committee» lagar namnelister for det sørvestlege Indiahavet. Her bruker ein to separate lister der ei liste blir brukt to år om gongen. Her er det dei afrikanske landa som vanlegvis blir råka av syklonane som kjem opp med namn. Viss ei tropisk forstyrring når nivået «moderat tropisk storm» vest for 55 grader aust, så vil «Sub-regional Tropical Cyclone Advisory Center» på Madagaskar gje stormen eit passande namn. Visst den stormen oppstår mellom 55 og 90 grader aust, så vil «Sub-regional Tropical Cyclone Advisory Centre» på Mauritius gje stormen namn.

Nye namn på tropiske syklonar endre

I visse tilfelle kan den same tropiske syklonen få nytt namn.

  • Visst ein tropisk storm går inn i det sørvestlege Indiahavet frå aust. I det sørvestlege Indiahavet kan Météo-France på Réunion gje namn til stormen, sjølv om han allereie har eit namn. I dette tilfellet vil «Joint Typhoon Warning Center» (JTWC) sette namna saman. T.d. syklonen Adeline-Juliet frå 2005.
  • Før 2001 fekk ein tropisk storm nytt namn om den gjekk frå Atlanterhavet og inn i Stillehavet.
  • Nye namn kan bli gjeve viss eit system med namn blir svekka, for så å oppstå som ein ny tropisk syklon i eit anna havområde på seinare tidspunkt.

Historia om namngjeving endre

Når europearar som reiste til Dei vestindiske øyane for mange hundre år sidan blei råka av ein orkan, blei den namngjeve etter kva helgen som hadde dag den dagen orkanen slo til. Visst ein ny storm slo til same dag i seinare år, fekk den namnet segundo (som tyder «den andre» på spansk).

Det var Clement Lindley Wragge, ein anglo-australsk meteorolog, som byrja å gje stormane menneskenamn. Han brukte jentenamn, namn på politikarar han ikkje likte og namn frå historia og mytologien.

Under den andre verdskrigen fekk tropiske syklonar feminine namn. Frå 1950 til 1954 blei det fonetiske alfabetet til marinen brukt i Nord-Atlanteren. Etter kvart som observasjonane av tropiske syklonar blei betre, tok ein i bruk namnelister for å betre følgje og lettare identifisere tropiske stormar og orkanar. I starten vart det berre brukt kvinnelege namn, og ein orkan blei omtalt som «ho». Dette blei etter kvart sett på som kjønnsdiskriminerande, og frå 1979 blei gutenamn òg tatt i bruk. 1979 var òg det første året ein gjorde klar ei liste før sesongen byrja.

Kjende syklonar endre

Syklonen Bhola er den syklonen som har tatt mest menneskeliv nokon gong. Dette skjedde 13. november 1970 då den trefte Bangladesh, sannsynlegvis som ein Kategori 3 syklon. Ein har estimert dødstalet til å vere rundt 500 000 menneske. Området i Det nordlege indiske havet har generelt vorte hardast råka av tropiske syklonar og fleire syklonar dei siste 100 åra har tatt livet av meir enn 100 000 menneske.

I Atlanteren har minst tre orkanar tatt livet av meir enn 10 000 menneske. Orkanen Mitch førte i 1998 til jordras i Honduras som tok livet av 18 000 menneske, og endra landskapet så mykje at ein trengde nye kart over området i etterkant.

Orkanen som gjekk i land i Galveston i Texas i 1900, estimert til å vere ein Kategori 4 orkan, tok livet av 8000–12 000 menneske, og er den naturkatastrofen som har tatt flest menneskeliv i USA. I 1780 tok derimot ein orkan livet av rundt 22 000 menneske på Antillane.

 
Storleiken til tyfonen Tip samanlikna med den tropiske syklonen Tracy og USA.

Den kraftigaste syklonen som er observert var tyfonen Tip i det nordvestlege Stillehavet i 1979. Den hadde eit trykk på berre 870 hPa i senteret og vindstyrke opp i 305 km/t. Den vart svekka før den råka Japan. Fleire andre syklonar har derimot hatt vindstyrke over 300 km/t. Orkanen Camille er den einaste syklonen som faktisk har gått på land med ein slik vindstyrke. Til samanlikning er dette vindstyrke ein vanlegvis ser i ein middels kraftig tornado, men Camille, som alle andre tropiske syklonar, er mykje meir vidstrakte og har lenger levetid enn tornadoar.

Tip var i tillegg den største syklonen som er observert med vind av storm styrke over eit 2170 km breitt område. Normal storleik på ein tropisk syklon er 480 km. Den minste stormen som er observert er syklonen Tracy frå 1974 som var rundt 100 km brei. Den råka Darwin i Australia.

 
Den første observerte syklonen i Sør-Atlanteren, syklonen Catarina frå 2004.

26. mars 2004 blei syklonen Catarina den første som er blitt observert i Sør-Atlanteren. Den råka Brasil.

Ein tropisk syklon treng ikkje bli veldig kraftig for å gjere store øydeleggingar. Den tropiske stormen Thelma drap i november 1991 tusenvis på Filippinane, sjølv om den aldri nådde tyfon styrke. Her var det flaum, og ikkje vind, som skapte øydeleggingane. Den tropiske orkanen Jeanne i 2004, gjorde mesteparten av øydeleggingane sine og tok livet av 3000 menneske på Haiti, medan den framleis berre var eit tropisk lågtrykk.

29. august 2005 råka orkanen Katrina Lousiana og Mississippi og skapte ein av dei verste naturkatastrofane i USA si historie. Dødstala kom opp i minst 1836 menneske, hovudsakleg som følgje av flaum i New Orelans. Ein har estimert at orkanen øydela for $81,2 milliardar (om lag 500-550 milliardar kroner).

Syklonar og antisyklonar
Ekstratropisk syklonMesosyklonPolarsyklonPolart lågtrykkSubtropisk syklonTropisk syklon

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tropisk syklon

Varsling og åtvaringar endre

Regionale senter for tropiske syklonar endre

Tidlegare uvêr endre

Forskjellig endre