Politigrader i Noreg
Politigrader i Noreg er gradar brukt i Politi- og lensmannsetaten.
Gradane er inndelt i høgare gradar (politiembetsmenn) og lågare gradar (polititjenestemenn). Vanlegvis er det politijuristar som har høgare gradar, medan politiutdanna personar har lågare gradar i politiet. Unntaket er stillingen politiinspektør, som dei siste tiåra både har vore ein juriststilling på mellomnivå og samstundes den høgaste stillingen som politiutdanna kunne oppnå. For ikkje lenge sidan vart kravet til juridisk embetseksamen oppheva for andre høgare gradar òg (unnteke politiadvokat og politifullmektig), men utan juridisk embetseksamen får ein framleis sjeldan stilling som visepolitimesternivå eller høgare. Det er bere juristar som har påtalemakt og kan ta ut påtale i straffesaker.
Etter politiutdanning startar ein som politibetjent 1 (tidlegare konstabel). Politijuristar startar som politifullmektig. Etter minimum eitt år, oftast noko lenger, kan politifullmektigar kvalifisere seg til politiadvokat. Dette krev mellom anna at politijuristen har vore på kurs i regi av statsadvokane og at ein har godkjent juridisk tilleggsutdanning i regi av Politihøgskulen. Førstestatsadvokaten ved stadvokatembetet som politidistriktet høyrer til, må i tillegg ha funne politijuristen fagleg skikka til å kunne inneha utvida påtalekompetanse. Røynsle innan etterforkingleiing og -prosedyre vert vektlagt i denne samanhengen. Etter to år som politijurist kan ein få advokatløyve dersom ein har greidd det obligatoriske advokatkurset ved Juristenes Utdanningssenter.
Fagforeininga for juristar i politiet heiter Politijuristene. (Fram til 2008 var namnet Politiembedsmennenes Landsforening.) Fagforeininga for polititjenestemenn er Politiets Fellesforbund.
Dei fleste tilsette i Politi- og lensmannsetaten har ein grad, men det finnest også sivilt tilsette utanfor gradssystemet, slik som sakshandsamarar, rådgjevarar, økonomar, teknologar og ved Politihøgskulen aktuelle akademikarar. Bere tilsette med politigrader har generell politimyndigheit og kan kle seg i uniform.
Politigradene varierer i mykje frå land til land. Å integrere påtalemmakta i politiet som i Noreg gjer ein ikkje i dei fleste andre land.
Grad | Politidirektør | Assisterande politidirektør |
Politimeister og Sysselmann |
Visepolitimeister | Politiinspektør og Politiadvokat |
Politiadvokat | Politifullmektig |
Offisiell engelsk omsetting |
National Police Commissioner |
Assistant National Commissioner |
Chief of Police | Deputy Chief of Police |
Assistant Chief of Police |
Police Prosecutor |
Junior Police Prosecutor |
Samsvarer med engelske gradar |
Chief Constable | Deputy Chief Constable |
Assistant Chief Constable |
- | - | ||
Skulder- distinksjon |
Grad | Politistasjonssjef og Lensmann |
Politioverbetjent | Politiførstebetjent | Politibetjent 3 tidlegare: politibetjent |
Politibetjent 2 tidlegare: overkonstabel |
Politibetjent 1 tidlegare: konstabel |
Politi- reserven |
Offisiell engelsk omsetting |
Chief Superintendent |
Superintendent | Chief Inspector |
Inspector | Sergeant | Police Constable |
Police Reserve |
Samsvarer med engelske gradar |
Chief Superintendent |
Superintendent | Chief Inspector |
Inspector | Sergeant | Police Constable |
Police Reserve |
Skulder- distinksjon |
Kjelde
endreWikipedia bokmål
- ↑ «Politiets uniformsreglement». Politietaten. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 29. mars 2010.