Advokat er ein person med utdanning og løyve til å gjeve råd og rettleiing i juridiske spørsmål til klientar mot godtgjersle, og mot vederlag frå klientar eller det offentleg å kunne hjelpe og representere klientar under rettssaker for dei offentlege domstolane. Tittelen advokat og vilkåra for å drive advokatverksemd er vanlegvis verna og regulert ved lov og av reglar fastsett av ein nasjonal medlemsorganisasjon. Men den nærare definisjonen av kva ein advokat er og kva for krav som vert stilt for å kunne arbeide som advokat, skil seg frå land til land. I Norden og Kontinental-Europa må ein advokat vanlegvis vere utdanna som jurist ved ein godkjend utdanningsstad og ha tileigna seg særskilde kvalifikasjonar ut over dette for å verte registrert som advokat og/eller verte oppteke i ein medlemsorganisasjon for advokatar, som vanlegvis er eit vilkår for å utøve yrket. I England og somme land i Det britiske samveldet er yrket som jurist/advokat delt ved at det må vere ein barrister som møter for klientane for domstolane, medan ein solicitor kan gjeve rettshjelp til klientar utanfor domstolane, sjølv om denne rollefordelinga no ser ut til å løysast opp etter kvart. I USA er juristutdanninga vanlegvis etterfølgd av ein særskild vidareutdanning med eksamen som gir løyve til å praktisere som lawyer eller attorney-at-law.

Ein engelsk advokat i advokatdrakt.
Franske advokatar, slik teiknaren Honoré Daumier såg dei på 1800-talet.

Etter norske reglar må ein advokat ha teke universitetseksamen som Candidatus juris eller ein mastergrad i rettsvitskap, og etter ei tid i praksis og med godkjend etterutdanning på kurs ha fått offentleg advokatløyve. Det er dessutan meir eller mindre naudsynt å vere medlem av Den norske Advokatforening og fylgje deira etiske retningsliner, og å setje seg i ein situasjon som fører til ekskludering frå foreininga har store konsekvensar.

Normalt er det advokatar som representerer partane i tvistesaker (sivile saker) som står for retten, legg fram saka og argumenterer (prosederer saka) på deira vegner. Men i Noreg er det som hovudregel ikkje krav om at ein part skal møte i retten med advokat, med unnatak for saker som står for Høgsterett. For Høgsterett er det berre advokatar med møterett for Høgsterett som kan møte i retten, ikkje partane sjølve, slik at det ikkje er mogleg å late vere å engasjere advokat for seg i rettssaker på dette nivået.

I straffesaker er det vanlegvis advokatar (som på det offentlege sin kostnad) forsvarar den tiltalte, eller som er støtteadvokat for den som har vore råka av ugjerninga i den typen straffesaker der vedkomande har rett til å gjere sine interesser gjeldande.

Advokatløyve endre

Domstollova frå 13.08.1915 nr. 5, kapittel 11, og advokatføresegna av 20.12.1996 nr. 1161 har dei sentrale føresegnene om advokatverksemd. Hovudregelen er at alle som driv rettshjelpverksemd må ha offentleg løyve som advokat. Rettshjelpverksemd er i lova definert som ervervsmessig eller stadig yting av rettshjelp. Men kravet om advokatløyve kan på særskilde vilkår fråvikast i somme høve (domstolslova § 218).

Tilsynsrådet for advokatverksemd, eit statleg organ, gjev advokatløyve (§ 220) til søkjarar som er minst tjue år gamal og kan godgjere å ha juridisk embetseksamen frå anten Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen eller Universitetet i Tromsø, har minst to års fulltidspraksis som anten advokatfullmektig (fullmektig for ein praktiserande advokat, inklusive å ha røynsle frå rettssalen ved å ha prosedert (ført) minst tre litt større rettssaker), domarfullmektig (fullmektig ved ein domstol), politifullmektig, eller som universitetslærar i rettsvitskap. Dessutan må søkjaren ha fullført Advokatkurset ved Juristenes Utdanningssenter og godgjere med politiattest å ha hatt akseptabel framferd.

Advokatar som vil drive advokatverksemd i eige namn, må heile tida stille trygd for skadebot som advokaten kan verte ansvarleg for som fylgje av feil under arbeidet. Dessutan må det betalast eit årleg tilskott til Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Advokatløyve i eit EØS-land gjev høve til å praktisere som advokat i heile EØS-området.


  Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.