Poljarnyj
Poljarnyj (russisk Поля́рный) er ein lukka by i Murmansk oblast i Russland med om lag 16 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestsida av den ytre delen av Murmanskfjorden. Byen vart grunnlagd i 1896 som Aleksandrovsk (russisk Алекса́ндровск) og han er ein av dei eldste byane på Kolahalvøya. Byen fekk bystatus i 1899 og vart omdøypt Poljarnyj i 1939.
Poljarnyj Полярный | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Poljarnyj | Byvåpenet til Poljarnyj |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Murmansk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1896 1899 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
16 468 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 20 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 184650 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 81551 | |
Nettstad: www.zatopol.ru/ |
Russisk skipsverft nummer 10 (Sjkval) ligg i Poljarnyj og i Vesten er verftet oftere referert til ved bynamnet enn ved det offisielle namnet. Dåd ei første atomubåtane vart levert til den Sovjetiske nordflåten på slutten av 1950-talet, vart verftet modifisert for dokking og reparasjon av desse fartøya. Etter kvart som den russiske marine sine atomdrivne fartøy no vert utrangert, så vert dei lagt i opplag ved Poljarnyj i påvente av defueling og opphogging.
Kjelder Endra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Poljarnyj» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.