Polsk notasjon er ein skrivemåte for aritmetiske og logiske uttrykk som ikkje krev bruk av parantesar eller ei bestemt rangfølgje for operatorane. Notasjonen vart utvikla av den polske matematikaren Jan Łukasiewicz.

Notasjonen finst i to variantar, prefiks- og suffiksnotasjon, den siste vert òg kalla omvendt polsk notasjon.

DømeEndra

Det aritmetiske uttrykket

 

vert i omvendt polsk notasjon skriven slik

 


Ved utrekninga går ein frå venstre mot høgre fram til ein møter ein operator (her +) som får virke på operandane som står føre (her a og b). Resultatet vert oppbevart, og utgjer ein av operandane for neste operator, som her er · og gjev multiplikasjonen av den oppbevarte summen med storleik c osv. Polsk notasjon er ein økonomisk måte å skrive og lagre uttrykk på, og overføring til polsk notasjon er ofte eit ledd i omsetjinga til kompilatorar av datamaskinprogram til maskinspråk. Mange lommekalkulatorar nyttar seg òg av polsk notasjon.

KjelderEndra