Polvandring

Polvandring syner til endringa i plasseringa til polane i tilhøve til kontinenta gjennom geologisk tid. Ved paleomagnetiske undersøkingar har det vore mogleg å avgjere den magnetiske plasseringa til polane til ulike tider i historia til jorda. Vandringa til polane er berre tilsynelatande; det er kontinenta (eller jordplatene, sjå platetektonikk) som rører seg. Dei magnetiske polane har heile tida stått ganske nær dei geografiske polane.

Polrørsle

Sett frå Europa fann den magnetiske nordpolen seg i kambrium i Stillehavet, han rørde seg så mot kysten av Aust-Asia, gjennom dei nordaustlegaste delane av Asia og ut i Nordishavet. Paleomagnetiske målingar gjort i bergarter på andre kontinent gjev andre polvandringskurver. Dette viser at kontinenta ikkje berre har rørt seg i tilhøve til dei magnetiske polane, men òg i tilhøve til kvarandre.

KjelderEndra